Glazer-familien har aldri stått høyt i kurs hos Manchester United-fansen.
Glazer-familien har aldri stått høyt i kurs hos Manchester United-fansen.

Dei uønska eigarane

Historia om Glazer-familiens eigarskap i Manchester United

Kl. 21: Se Manchester United - Liverpool på TV 2 Sport Premium og Sumo

Manchester United-supporterane har markert si misnøye med den amerikanske Glazer-familien, som eig Manchester United, heilt sidan det gradvise oppkjøpet i åra 2003-2005.

Ein av grunnane til misnøyen, for ikkje å seie hatet - er at pappa Malcolm Glazer tok opp eit gigantiske lån med «pant» i klubben for å finansiere delar av oppkjøpet.

Manchester United hadde vore gjeldfri i over 70 år. Plutselig hadde klubben milliardgjeld.

Dette høres brutalt ut, men er ein ganske vanlig måte å operere på i finansbransjen.

Vi lar økonomireporter Kjetil H. Dale i TV 2 forklare:

– Leveraged buyout betyr lånefinansiert oppkjøp. Og det er egentlig det samme som når du tar opp eit lån, kjøper ei leiligheit og stiller leiligheita som sikkerheit.

Men så er det jo mykje lettare å selge ei leiligheit enn å selge ein heil fotballklubb, derfor stiller gjerne banken nokre betingelsar i tillegg.

Manchester United-supporterane har heilt sidan 2005 vore svært kritiske til at dei nye eigarane pådro klubben den store gjelda. Og dei kan ha eit godt poeng, i følge Dale:

– Det kan være grenser for kor stor gjeld klubben sjølv kan ha. Det kan være krav om kor stort overskuddet skal være. Eller grenser for kor mange investeringar klubben kan gjere. Dermed vil denne typen oppkjøp begrense handlefriheita til for eksempel ein fotballklubb.

STORE PROTESTER: Slik så det ut utenfor Old Trafford i starten av mai.
STORE PROTESTER: Slik så det ut utenfor Old Trafford i starten av mai. Foto: Barrington Coombs

Manglande handlefriheit - sammen med ei oppfatning av at profitt går foran ønsket om sportslig suksess - gjer at the Glazers frå første stund «mista garderoben», for å bruke ein fotballmetafor.

Ein del av dei misfornøgde United-supporterane gikk umiddelbart lei og danna i 2005 laget FC United of Manchester. Dermed kunne supporter-eigarane av klubben sjølv bestemme billettprisane (som sjølvsagt vart satt til eit overkommelig nivå).

I følge grunnleggarane vart FC United of Manchester danna som ein protest mot Glazer-familien.

Den nye klubben skulle handle om fansen, ikkje om pengar. Det er fotball for folket - ikkje for investorane.

Hatet mot Glazer-konsernet har gitt seg ulike utslag i åra som har gått. I 2010 var David Beckham tilbake på Old Trafford som Milan-spelar. Det blei lagt godt merke til at Beckham etter kampen hadde på seg eit skjerf i fargane gull og grøn. Det er dei opprinnelige klubbfargane til laget som no blir kalla The Red Devils.

Og i desse dagar har hatet mot Glazer-familien igjen eskalert. Gnisten som fikk det til å eksplodere igjen var at dei amerikanske eigarane hadde meldt klubben på i den planlagde European Super League. Eit system der dei rikaste skulle bli enda rikare, og der dei faste medlemsklubbane ikkje kunne rykke ned falt ikkje i smak hos United-supporterane.

MØTTE EIERNE: Her er Ole Gunnar Solskjær sammen med Joel Glazer og Avram Glazer i forkant av CL-kampen mot Barcelona i 2019.
MØTTE EIERNE: Her er Ole Gunnar Solskjær sammen med Joel Glazer og Avram Glazer i forkant av CL-kampen mot Barcelona i 2019. Foto: Carl Recine

Og i en sjelden uttalelse til fansen la Joel Glazer seg flat og beklaga det inntrufne.

Men protestane fortsatte og nådde ein ny topp då Manchester United-supporterar storma Old Trafford, noko som resulterte i at storkampen mot Liverpool måtte utsettast.

Glazer-familien får garantert med seg alt bråket rundt deira eigarskap i Manchester United. For slagorda har vore mange, og harde.

"You buy you die". "Love United hate Glazer". "Yankee go home". "Glazers out".

Fansen har talt, og kjem til å fortsette med det.

Men så lenge dei uønska eigarane sjølve ønskar å eige Manchester United, kjem dei nok til å fortsette med det i uoverskuelig framtid.

Relatert