Arne (85) har fått ny jobb som teknologirådgjevar

Arne Ulvolden, betre kjent som «bestefar» i TV 2-serien «Samuel og Bestefar», har på nytt blitt utfordra av barnebarnet.

– Etter tredve år som ein navar på pensjonskassa, skal du no bestefar ut i arbeidslivet, seier ein oppglødd Samuel Massie i det bestefar Arne Ulvolden har skrive under kontrakten.

Det var under ein tech-konferanse i fjor at Ulvolden og den nye arbeidsgjevaren hans, Easymeeting, først møtte kvarandre. Ulvolden trong ein ny utfordring, og tech-selskapet trong nokon som kunne vere med å utvikle velferdsteknologi retta mot dei eldre.

– Eg blei jo hoppande glad for at dei ønskte å ha meg som prøvekanin, seier Ulvolden.

NYTILSETT: – Eg har ikkje klart å følge med i den digitale tidsalder, så då eg fekk tilbod om dette kunne eg ikkje seie nei, seier Arne Ulvolden.
NYTILSETT: – Eg har ikkje klart å følge med i den digitale tidsalder, så då eg fekk tilbod om dette kunne eg ikkje seie nei, seier Arne Ulvolden. Foto: Ivar Lid Riise / TV 2

Felles mål

I to år har Tromsø-baserte Easymeeting arbeidd med å utvikle velferdsteknologi, spesielt retta mot dei eldre. Då dei skulle utvikle ei videochatløysing som skulle gjere det lettare for eldre å kommunisere, trong dei eksperthjelp.

EASYMEETING: I to år har Hans Johan Tofteng og kollegaane arbeidd med å gjere teknologien tilgjengeleg til alle.
EASYMEETING: I to år har Hans Johan Tofteng og kollegaane arbeidd med å gjere teknologien tilgjengeleg til alle. Foto: Nils Ole Refvik

– Vi kan jo teknologi, men Arne er jo ein som sit i brukaren sitt perspektiv. Han har tydelege meiningar om korleis teknologien skal brukast for han som 85-åring, seier Hans Johan Tofteng, grunnleggar og dagleg leiar i Easymeeting.

Ulvolden sjølv bur på Hellesøy i Øygarden kommune, men gjennom vekentlege møter med teknologane i Easymeeting, er han med på å utvikle videochatten «Amigo».

– Eg har jo ikkje klart å følge med i den digitale tidsalder, så då eg fekk tilbod om dette kunne eg ikkje seie nei. Dei ønsker det same som meg, å gjere teknologi enklare. Og det kan bli enklare, seier Ulvolden, rett før han ringer opp ein av hans nye kollegaar frå stova på øya i havgapet.

Kan førebygge sjukdom

Velferdsteknologien til Easymeeting kjem med ei tryggleiksløysing som gjer at det også kan brukast av det norske helsevesenet. Eit av måla er å gjere det enklare for eldre å kommunisere over nett.

– Teknologien løyser ikkje problemet åleine, men å gjere det meir brukarvennleg er absolutt mykje betre enn alternativet som er ingenting.

I ei av tiltakspakkane i fjor gav regjeringa 400 millionar kroner til IKT-opplæring til eldre for å motvirke einsemd og betre helsekompetansen.

Gjennom forsking ved Nasjonalt senter for e-helseforskning fann forskar Inger Marie Holm og kollegaane ut at fleire eldre har blitt meir einsame etter at samfunnet gjorde ein krapp teknologisk sving.

Førsteamanuensis ved UiT og tidlegare forskar ved Nasjonalt senter for e-helesforskning, Inger Marie Holm.
Førsteamanuensis ved UiT og tidlegare forskar ved Nasjonalt senter for e-helesforskning, Inger Marie Holm. Foto: Nils Ole Refvik

– Konskvensen av det er at dei eldre risikerer å dette utanfor samfunnet, og kan utvikle einsemd, seier Holm.

Ved bruk av velferdsteknologi kan det betre helsa.

– Det å vere i stand til å bruke digital kommunikasjon har kjempepositive effektar for eldre si helse, då ein kan trene både mentalt og fysisk, seier Holm.

Vil ha fleire eldre i jobb

Dersom Easymeeting lykkast med velferdsteknologien, planlegg Tofteng å tilsette mellom 15 og 20 seniorar i løpet av dei neste 20 åra.

– Det er veldig mange eldre som har overskot, og som framleis kan vere gode ressursar i samfunnet viss vi gjer dei ein sjanse, seier Tofteng.

Det støttar også Ulvolden.

– Eg har høyrt pensjonistar juble viss eg seier dei er ein ressurs for samfunnet. Vi ønsker å bidra, samfunnet har bruk for oss, slår Ulvolden fast, etter endt arbeidsøkt med Easymeeting.

Relatert