Bakt torsk

Med brekkbønner med røkt bacon, beurre blanc med peparrot og smørsteikte poteter

Forvarm omnen til 100 grader. Dryss saltet over og under fisken og la den ligge i 25 minutt. Skyll av saltet i kaldt vatn og tørk fisken med eit tørkepapir. Skjer fileten i stykke på ca 75 g og legg dei på eit steikebrett med olivenolje under og over fisken. Bak fisken i omnen ved 100 grader i ca 15 minutt. Brekkbønner med røykt bacon: Fres baconterningane i smør til dei får gyllen farge. Tilsett dei forvella brekkbønnene. Smak til med nykverna pepar og litt salt (ver forsiktig med saltet, for bacon inneheld mykje salt). Varm opp.

Beurre blanc med peparrot: Finhakk sjalottløk. Bland kvitvin med finhakka sjalottløk i ein kasserolle. La det koke inn til det nesten ikkje er væske igjen. Pisk inn det usalta smøret (pisk heile tida). Pass på at sausen ikkje kjem for nær opp mot kokepunktet, da vil den skilje seg. Smak til med nykverna pepar, salt og riven peparrot.

Smørsteikte poteter: Skjer 2 poteter i tynne skiver. Det skal berre vere 4 potetskiver per person. Steik skivene i smør til dei blir møre. Dryss litt salt og pepar på.

Soltørka tomatar: 4 soltørka tomatar i olje (kan kjøpas på glas, nedlagde i olje) 4 ss av oljen som tomatane låg i Del tomatane i ca 1/ 2 cm tjukke strimlar og varm dei i ein liten kasserolle saman med oljen. Ta dei opp av oljen og la dei renne av på kjøkkenpapir.