te venta Ramona Madro søndag. Då var skilta på bilen henta. (Foto: Privat/Karin Flølo//firda.no/ANB)
te venta Ramona Madro søndag. Då var skilta på bilen henta. (Foto: Privat/Karin Flølo//firda.no/ANB)

Betalte en krone for lite - da tok politiet skiltene

Ramona fikk seg en overraskelse da hun sto opp søndag morgen.

Ramona Madro frå Vadheim fekk seg ei uventa overrasking då ho stod opp søndags morgon. Då var det nemleg skilta på den nye bilen vekk.

– Politiet hadde vore her om natta og henta skilta, seier Madro, til avisa Firda.

Politiet var på staden fordi Statens vegvesen hadde sendt ut krav om avskilting grunna mangel på omregistreringsavgifta.

Feil beløp

– Eg hadde betalt inn feil beløp. I staden for å betale 1341 kroner, hadde eg betalt 1340. Så det mangla ei krone på avgifta. Då kom dei altså og henta skilta, ti dagar etter at eg hadde betalt, utan å gje meg beskjed, seier Madro.

Seksjonsleiar for køyretøy i Sogn, Tormod Gausdal, fortel at han ikkje kjenner detaljane i saken, men kan uttale seg på generelt grunnlag.

– Det beløpet som står på kravet, er det som skal betalast. Men samstundes, når det står om ei krone bør ein kunne finne ei løysing på det, seier Gausdal.


– Står ikkje beløp

Han fortel at når politiet får kravet står det ikkje kva beløp det dreier seg om.

– Hadde det vore våre folk som var ute på kontroll, ville dei sett at det dreia seg om ei krone. Då ville dei gått i ein dialog med vedkommande, og fått løyst saka på staden, seier seksjonssjefen.

Men med skilta inndregne ventar i utgangspunktet ei ny avgift på 1360 kroner i påskiltingsgebyr for Ramona.

Fann ei løysing

– Heldigvis var eg så utolmodig at eg ringde dei tidleg i dag. Då slepp eg det gebyret. Eg snakka med ein i vegvesenet som har fått ordna registreringa av bilen, samt fjerna kravet, seier Madro.

– Vi er glad for å høyre at denne saka har ordna seg fort, og utan at ho måtte ut med eit ekstra gebyr. Vi har fått ei fullmakt som gjer at vi kan rydde opp i saker der det gjeld beløp opp til 50 kroner, så reglane er heldigvis ikkje heilt firkanta, seier Gausdal.

Også Madro er nøgd med at dei har fått ei rask løysing på saken.

– Det er jo eg som har gjort feilen i utgangspunktet, men eg vart overraska over at dei henta skilta utan å gje meg beskjed. No får vi henta skilta i dag, seier Madro.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

Kravet var på 1341 kroner, men ved ein feil vart berre 1340 overført.  (Foto: Privat/firda.no/ANB)
Kravet var på 1341 kroner, men ved ein feil vart berre 1340 overført. (Foto: Privat/firda.no/ANB)

Skrudde skiltene av politibilen - så våknet politimannen!