Nei - denne parkeringen er slett ikke tilfeldig

Bilbergeren tar ingen sjanser med vogntog som sperret veien.

Slik står det utanlandske utanlandske vogntoget i «varetekt» hos bilbergar Arild Tistel, til han og staten har fått sine pengar, og sommardekka på framhjula er bytta ut med vinterdekk. (Foto: Stig Roger Eide, Firda/ANB )
Slik står det utanlandske utanlandske vogntoget i «varetekt» hos bilbergar Arild Tistel, til han og staten har fått sine pengar, og sommardekka på framhjula er bytta ut med vinterdekk. (Foto: Stig Roger Eide, Firda/ANB )

Det utanlandske vogntoget som torsdag sperra fylkesveg 13 i Gaular, på Rørvikfjellet, har sidan det vart slepa ned frå fjellet stått ved Førde bilberging sine lokale i Førde.

Sjåføren sine dokument og køyreløyvet vart teke frå han av politiet, grunna manglande vinterdekk på begge framhjul.

Sjåføren vart også bøtelagt for forholdet. Det skriv Firda.

Køyreforbod av politiet

Fredag kveld var enno ikkje ein tilstrekkeleg betalingsgaranti for bergingsjobben og bota sjåføren fekk på plass av arbeidsgjevaren. Heller ikkje nye dekk.

Dermed var valet lett for bilbergar Arild Tistel. Fram til betaling, papir og dekk var i orden, skulle ikkje vogntoget få flytte seg så mykje som ein centimeter.

– Dette funkar. Og det er ofte det enklaste som er det beste, seier Arild Tistel, og siktar til vinsj-Toyotaen som er plassert klint inntil førarhuset på det utanlandske vogntoget.

– Eg spøka litt med kollegaene mine at det var lenge sidan vi hadde brukt den bilen, og at vi no fekk eit fast bruksområde for den, seier Tistel, som innrømmer at bortsett frå å vere parat til bergingsjobbar på smale vegar, er det faktisk som «sperre» bilen har blitt mest brukt.


– Kvar sesong

Han vedgår at det heile ser ganske så improvisert ut, men at det er politiet som har gitt køyreforbodet. Og metoden, den er ikkje framand for verken Tistel eller lovens lange arm.

– Dette gjer vi kvar sesong. Det er eit skikkeleg problem at utanlandske vogntog ikkje har forsikring som dekker bergingsjobbar, og vi brukar mykje tid og ressursar etter oppdrag på å ordne betaling, seier bilbergaren, som fortel at denne gongen ikkje var noko unnatak.

For seint på fredag kom først ein tvilsam bankgaranti på plass, som viste seg å ikkje halde mål. Dermed måtte bilen stå over helga.

Tistel understrekar at sjåføren, som no bur i førarhuset på bilen, har vore hyggeleg og medgjerleg. Men bilbergaren fortel at han har vore utfor mange episodar i bransjen der det ikkje er like lett.

LES OGSÅ: Halvparten er utanlandske vogntog


Mange stikk av

– Det er mykje avstikk frå bergingsregningar og bøter. Ein skal ikkje kjemme alle under samme kam, men ein må vere varsam med å snu ryggen til for lenge, seier Tistel.

Men når no den raude Toyotaen hans står framfor det store vogntoget, kan han i allefall snu ryggen til, til over helga.

– Både den og vogntoget blir ståande til pengane kjem, seier bilbergaren og ler.

Han fortel også at av erfaring, så dukkar alltid pengane opp når vogntog blir sperra på denne måten.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her: