Bilene lå strødd etter bilfrakteren

Råkjørte med åtte helt nye Volvoer på lasteplanet.

STORE SKADAR: Bilane som fall av bilfraktaren i natt har fått store skadar. (Foto: Frode Rene, avisa hordaland.no/ANB)
STORE SKADAR: Bilane som fall av bilfraktaren i natt har fått store skadar. (Foto: Frode Rene, avisa hordaland.no/ANB)

Ein bilfraktar mista fleire heilt nye bilar på E16 ved Løno i natt – sjåføren er mistenkt for ruskøyring.

Bilfraktaren mista tre Volvoar av tilhengjaren og klistra ein annan på lasteplanet sitt i natt. Det skriv Avisa Hordaland.

Delvis oppover fjellveggen

Sjølv om bilane fall av bilfraktaren, heldt sjåføren fram turen. Den eine bilen vart liggjande på taket og stengde deler av E16. medan den andre vart ståande delvis i grøfta omlag 100 meter i frå den fyrste. Berre småbilar kunne passera E16 frå midnatt.

– Bilane låg strødd då me kom dit. Eine bilen låg på taket midt på E16 omlag 200 meter i frå lastebilen, ein annan låg delvis på taket 50 meter frå den fyrste. Han stod delvis oppover fjellveggen, ein tredje låg velta på planet medan ein fjerde bil var klistra flat på lasteplanet, fortel eit vitne til Hordaland.

Åtte bilar

Bilane fekk så store skadar etter hendinga at alle fire bilane truleg vil verta kondemnerte.

Det var til saman åtte bilar bak på bilfraktaren, og det var bilane på tilhengjaren som fekk den hardaste medfarten. Tilhengjaren var ikkje køyrbar etter hendinga.

Ruspåverka tilstand

Det vart meldt om lange køar på E16. Ved 02-tida i natt var politiet og sjåføren framleis på staden. Sjåføren er no mistenkt for å ha køyrt lastebilen i ruspåverka tilstand.

Klokka 03.30 i natt var vegen opna att for tunge køyretøy, men bergingsarbeidet heldt fram, skriv politiet på Twitter

Du kan lese mer om bil og trafikk på Avisa Hordaland - her:

SE OGSÅ: Her går det skikkelig galt på motorveien