Hit   men ikke lenger. Her måtte den tyske trailersjåføren gi opp og ta kvelden i bilen.  (Foto: Ivar Vaage, Kvinnheringen.no/ANB )
Hit men ikke lenger. Her måtte den tyske trailersjåføren gi opp og ta kvelden i bilen. (Foto: Ivar Vaage, Kvinnheringen.no/ANB )

Nei – han skulle ikke stolt på GPS-en!

Ikke alltid lett å være tysk trailersjåfør i utkant-Norge ...

Han skulle levera varer til Norsafe på Årsnes. I staden hamna den 17 meter lange semitraileren på ein blindveg i Åkra. Og der blei han ståande bom fast, skriv Kvinnherringen.

Ein kan trygt seia at han bomma på vegen, den tyske trailersjåføren, som starta opp frå Tyskland søndag. Turen gjekk rimeleg greitt, like til han rulla på land på Årsnes ferjekai tysdag ettermiddag.

Varene skulle leverast til Norsafe, som held til nokre hundre meter frå ferjekaien. Men sjåføren hadde fått oppgjeve Løfallstrand som leveringsadresse, og då han tasta det inn på GPS-en, kom Baugstrand opp på skjermen.

Fem mil

Vegen frå Omvikdalen, via Matre og Baugstrand er ikkje bygd for ein nesten 20 meter lang og 20 tonn tung semitrailer. Tunnelane er heller ikkje dimensjonerte for eit slikt køyretøy, og i ein av dei tok han oppi fjellet og øydela taket på bilen.

Sjåføren, som ynskjer å vera anonym, ante truleg at han hadde køyrt feil, for i Åkra, fem mil frå Årsnes, stoppa han opp og spurde ein fotgjengar om vegen til Løfallstrand.

I følgje sjåføren fekk han då som svar at han måtte køyra rundt bygda, å snu doningen var ikkje til å tenkja på. Dersom han hadde følgt det rådet, kunne det likevel enda godt. Men i staden for å halda seg til den kommunale vegen gjennom bygda, svinga han ned på ein smal og hengjebratt sideveg til Åkra kraftstasjon.

Smalt og bratt

Vegen går fram til kraftstasjonen, lenger er det ikkje råd å koma. Å snu ein slik bil der er heilt umogleg, då der stoppa ferda tysdag kveld i femtida. Ved hjelp av ein gravemaskin og ein dumpers prøvde entreprenøren som jobbar på kraftstasjonen å få taua semitraileren baklengs opp den bratte vegen. Dei kom halvvegs, men måtte gje opp i ein skarp sving.

Dermed måtte sjåføren overnatta i bilen. Då Kvinnheringen var i Åkra i dag føremiddag, venta han på Viking sin bergingsbil frå Røldal. Han fortalde at han både hadde sove godt og ete frukost. Bergingsbilen var ventande til Åkra i tretida i dag og klarar truleg å få bilen på rett veg att.

Du kan lese mer om bil og trafikk på kvinnherringen.no – her:



Her er en til som ikke burde stolt på GPS-en – det endte med et smell!