Dette er det som møter deg som bilist på veg ut av gata Gamle Vievegen og inn på fylkesveg 484. I det innringa buskaset bak «Slutt på 30 sone» skiltet skjuler det seg eit vikepliktskilt. Foto: Hovudbilde: Cato Husabø Fossen/FIRDA Innfelt foto: Firda tipsar
Dette er det som møter deg som bilist på veg ut av gata Gamle Vievegen og inn på fylkesveg 484. I det innringa buskaset bak «Slutt på 30 sone» skiltet skjuler det seg eit vikepliktskilt. Foto: Hovudbilde: Cato Husabø Fossen/FIRDA Innfelt foto: Firda tipsar

Ser du vikeplikt-skiltet

Det gjør ikke kommunen, som eier veien, heller ...

I bydelen Vie utanfor Førde sentrum skal du helst vere lokalkjend for å kunne køyre bil etter trafikkreglane.

Om du skulle vere så uheldig å ferdast i gata Gamle Vievegen ved avkøyringa til fylksveg 484 (sjå kart t.h.) som går like ved, har du nemleg vikeplikt, sjølv om verken skilt eller andre teikn i vegbana fortel deg nettopp det.

Årsaka er at vikepliktskiltet på staden er fullstendig tildekka og attgrodd av busk- og trevekst frå den private eigedommen like ved vegen. Slik har det truleg vore i mange år, skriver Firda.

Del med dine Facebook-venner

Kommunen: - Aldri sett skiltet

Teknisk sjef Asbjørn Etterlid har ansvaret for det kommunale veg- og gatenettet i Førde. Han vert usikker når Firda Nett tar kontakt, og bestemmer seg for å reise ut og undersøkje saka med eigne auger. Etter ein liten halvtime ringer han tilbake.

- Eg skal vere heilt ærleg å seie at eg aldri har sett dette skiltet før. Det må ha stått tildekka slik i alvorleg lang tid, seier Etterlid.

Han er likevel ikkje i tvil om at skiltet er hans og kommunen sitt ansvar.

- Vel, skiltet står jo der og då skal det vere synleg. Her kan det sjå ut som både vi i kommunen som vegeigar og grunneigaren som eig buskveksten har forsømt oss over tid, seier Etterlid.

Han seier at kommunen no vil kontakte eigaren av huset like ved og hagen buskveksten har vekst utfrå.

- Eg håpar huseigar har forståing for at ein ikkje kan la busker og tre vekse vilt på denne måten. Skiltet skal ut av mørket igjen, og det skal skje relativt raskt, lovar Etterlid.

- Bilistane kan ikkje forholde seg til dette

Ved Statens vegvesen sitt regionkontor i Bergen er dei klare på at skiltet er Førde kommune sitt ansvar.

- Det er vegeigar sitt ansvar å halde oppsyn med skilt og andre installasjonar dei har oppført langs vegen. Dersom dette er ein kommunal veg, har Førde kommune ansvar for skiltet, seier Svein I. Holmedal. Han er overingeniør og skiltansvarleg i vegvesenet.

Fylkesveg 484 ved Vie er ein sterkt trafikkert strekning ettersom mellom anna Førde sentralsjukehus ligg langs vegen. Betydeleg busetnad i områda langs vegen sørgjer dessutan for gjennomgangstrafikk døgnet rundt.

Holmedal i Statens vegvesen kan ikkje svare på om den manglande skiltinga vil føre til eit redusert straffeansvar dersom det skulle oppstå ulykker i samband med at bilistar køyrer inn på fylkesvegen utan å vere klar over at dei har vikeplikt.

- Det er eit hypotetisk spørsmål og advokatmat, men i utgangspunktet kan ein nok ikkje forvente at bilistar skal forholde seg til reguleringar og skilt som ikkje er synlege, seier Holmedal.

Les flere bil- og motorsaker i Firdas motormagasin her

LES OGSÅ: Denne skiltingen dro inn 70.000 kroner på tre timer