Kvinne og baby funne i god behald etter leiteaksjon på Hadeland

Ei kvinne og hennar seks veker gamle baby, som blei meldt sakna, er funnen i god behald.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kring 30 personar og eit politihelikopter deltok torsdag ettermiddag i ein leiteaksjon etter ei kvinne og hennar seks veker gamle baby på Hadeland.

Kvinna blei sist sett ved Fjortun evangeliesenter på Grymyr på Hadeland, natt til torsdag.

OPPDATERT: Kl. 15.18 fekk politiet melding om at både mor og barn er i god behald.

– Dei hadde søkt tilflukt og har vore innomhus i natt, seier operasjonsleiar Bård Christiansen ved Vestoppland politidistrikt til tv2.no.

Via andre tok kvinna sjølv kontakt med politiet. Kvinna er i byrjinga av 30-åra.

Både politi, hjelpekorps og Røde Kors deltok i søket etter kvinna.