Syklist døydde etter treningsulykke i Os

Ein syklist som kolliderte med traktor tysdag, døydde på Haukeland sjukehus onsdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei kvinne blei tysdag kritisk skadd då ho kolliderte med ein traktor i Os kommune i Hordaland. Syklisten var saman med kring 20 andre då ulykka skjedde.

Ifølgje bt.no døydde kvinna på Haukeland sjukehus onsdag.

Uklart om traktoren stod i ro eller var i fart

Politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor seier til bt.no at det er oppretta ein vegtrafikksak som no blir etterforska.

Det ser førebels ut som at traktorføraren ikkje kan klandrast for noko, men saka skal etterforskast vidare, seier Sperrevik.

Då TV 2 skreiv om saka tysdag, gjekk meldingane ut på at traktoren stod i ro. Men ifølgje bt.no har det blitt sagt både at traktoren stod i ro og at den var i fart. Politioverbetjent Sperrevik seier at politiet forsøkjer å avklara dette gjennom etterforskning.

Trena til Bergen-Voss

Ulykka skjedde i Langedalen mellom Lysekloster og Søfteland. Kvinna blei frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus i Bergen. Politiet fekk melding om ulykka klokka 19.22 tysdag.

Kvinna ved medlem av Bergen Cykleklubb. Leiar Hans Jørgen Morvik i Bergen Cykleklubb seier til bt.no at kvinna sykla med ei gruppe som trena til sykkelrittet Bergen-Voss og Styrkeprøven Trondheim-Oslo då ulykken skjedde.