Væpna politi arresterte mann med falsk pistol i Holmestrand

Væpna politi i Holmestrand har pågrepet ein mann.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Politiet i Vestfold aksjonerte onsdag ettermiddag etter at ein person med politiliknande klede og eit våpen i eit hylster på låret blei sett på Holmestrand stasjon.

Klokka 16.43 meldte politiet at dei har tatt ein mann på 32 år med ein replikapistol.

– Mannen sit no i arresten i påvente av ei legevurdering, seier operasjonsleiar i Vestfold politidistrikt Erik Wendelborg til tv2.no i 19.30-tida.

Wendelborg seier at mannen ikkje oppførte seg truande og at det var på grunn av kleda og replikapistolen at politiet aksjonerte.

Mannen gjekk med ei blå t-skjorte med bokstavane NYPD, ifølgje Wendelborg

Politiet fekk meldinga om ein mann som skal vera kledd i politiliknande klede med synleg våpen i eit hylster på låret.

Den fyrste meldinga gjekk ut på at mannen hadde gått om bord toget til Tønsberg. Politiet stansa trafikken inn til stasjonen.

Politiet retta difor innsatsen sin mot det toget, etterkvart kom det fram nye opplysningar om at han på ny var på Holmestrand jernbanestasjon.

Politiet stoppa alle toga som var på veg inn på stasjonen, for å finna personen dei jakta.