Mann med kjole og parykk forsøkte lokka gut inn i bilen

Guten sprang og kom seg unna.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein gut blei onsdag morgon forsøkt lurt inn i ein bil av ein mann utkledd som ei kvinne i Nittedal kommune i Hakadalen.

Guten var på veg til Kirkeby skole.

– Mannen hadde på seg parykk og kjole og gjorde om stemma til kvinnestemme, seier Per Stenset, operasjonsleiar i Romerike politidistrikt til tv2.no.

Parykken var gul og halvlang. Kjolen var mørk og blomstrete. Mannen køyrde ein liten raud bil, ifølgje Stenset.

Guten la på sprang og kom seg unna, seier Stenset.

Guten fortalte læraren om hendinga i 11-tida og ei stund seinare blei politiet varsla av rektor på skulen.