DØD: Barnestjerna Taruni Sachdeva mista livet i flystyrten på måndag.  (Foto: Scanpix/fillum.com Wikimedia Commons)
DØD: Barnestjerna Taruni Sachdeva mista livet i flystyrten på måndag. (Foto: Scanpix/fillum.com Wikimedia Commons)

Barnestjerne omkom i flystyrt på bursdagen sin

Bollywood i sorg etter at ei av barnestjernene mista livet på ei pilegrimsreise i Nepal denne veka.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Flyet frå selskapet Agni Air styrta i ein fjellvegg då det skulle gå inn for landing ved flyplassen i Jomsom i Nepal, nær Annapurna-området som er populært blant fjellturistar.

Det skal ha vore 21 personar om bord i flyet, berre seks av dei overlevde. Blant dei eit dansk ektepar. Begge pilotane var blant dei omkomne, opplyser nepalsk politi.

Stjerner i sorg

Blant dei som mista livet i flystyrten var Taruni Sachdeva og mora hennar.

LES OGSÅ: 19 døde i flyulykke i Nepal

Bollywoodjenta Taruni Sachdeva spelte i fleire filmar og reklamar i India.

Den store stjerna Abhishek Bachchan reagerte med vantru på at Sachdeva no er død.

«SJOKKERT og veldig lei meg over å høyra om flykrasjen i Nepal. Mista ei av mine søtaste motspelarar, vesle Taruni Sacdev. Eg er mållaus», skreiv han på Twitter.

Sacdev mista livet på 14-årsdagen sin.

«Ver så snill å seia at dette ikkje er sant. Eg er rysta. Ho var ei smart og flott jente», skreiv den store stjerna Amitabh Bachchan på Twitter.

Pilegrimsreise

Passasjerane om bord i det chartra flyet skulle på pilegrimsreise, skriv Times of India.

LES OGSÅ: Sentralbanksjef: – Greske bankkunder kan få panikk

Kjelder i filmindustrien som avisa har snakka med, fortel om ei smart jente som ikkje berre var ein god skodespelar, men også ein god student.