Slik så bremsene til vogntoget ut da det ble stoppet
- Livsfarlig, sier Svein Arne Henjestad i Statens vegvesen.
Fredag og laurdag hadde Førde trafikkstasjon med hjelp av Statens vegvesen region vest 23 kontrollørar ute i Førde, Florø og Breim, melder Firda.
Dei undersøkte både lette og tunge køyretøy i den døgnkontinuerlege kontrollen, der dei også bruker moderne teknologi for å avsløre både svakheiter i bremsesystem, og manglande forsikring, mellom anna.
Livsfarleg
Då dei ved hjelp av varmesøkjande kamera undersøkte bremsene på eit utanlandsk vogntog fann dei svikt.
Der det vart funne at den eine bremseskiva på trekkbilen var så full av sprekker at den delte seg då det vart utført bremseprøve i hallen.
Skiva ramla ut frå felgen og låg i biter på golvet i kontrollhallen. Det hadde vore sprekker i bremseskiva i lengre tid, og den tolte ikkje belastninga då køyretøyet vart køyrt på bremserullprøven.
Denne belastninga er på langt nær så stor som eit fullasta vogntog får ute på vegen ved en kraftig oppbremsing. Ved kontroll av bremsene på tilhengaren vart det avdekt at denne hadde så svake bremser at den vart avlasta og vart deretter pålagd å køyre tom ut av landet, då den hadde gode nok bremser til å køyre utan last.
- Skremmande
– Slike køyretøy skal vi ikkje ha på vegen. Det er skremmande å oppdage slike manglar med tanke på konsekvensane slikt kan føre til i trafikken, seier overingeniør i Statens vegvesen, Svein Arne Henjesand.
Han fortel også at det ved Grov på Rv. 5 mellom Førde og Florø vart kontrollert 21 tunge køyretøy. Det vart her gitt køyreforbod på tre køyretøy for dårleg sikring av last. I tillegg vart eit køyretøy avregistrert.
To førarar/ bileigarar vart melde for feil ved fartsskrivar der den pålagde 2-årskontrollen var utgått.
I tillegg til dette vart ein personbil stoppa og føraren vart meld for å køyre utan at bilen hadde kjennemerke.
Over 2000 vart sjekka
I Førde sentrum, ved Naustdalsneset på RV 5 og i Breim vart det utført kontroll av 2184 førarar og passasjerar for bruk av personleg verneutstyr og her fekk 10 gebyr for å ikkje nytte bilbelte.
– Kontrollar utført med gjenkjenningsutstyr for kjennemerke vart nytta på nokre av kontrollane for å kontrollere at avgifter, forsikring, periodisk køyretøykontroll og registreringsforhold var i orden.
Av alle dei 1306 køyretøya som vart kontrollerte med dette utstyret hadde 25 køyretøy krav om avskilting og vart handsama deretter, seier Henjesand.
Han seier at ved denne typen kontroll avdekkjer dei stadig manglar ved forsikring av køyretøya. Det kan derfor vere lurt at bileigarar sjekkar at dette er i orden.
Om du vert stoppa med manglande forsikring, får du køyreforbod, og bilen blir avregistrert.
Les flere bil og motorsaker i Firda motormagasin her