Stjal airbager fra 14 biler

- De har visst godt hva de var ute etter...

MATERIELLE SKADER: Dagleg leiar Stein Vidar Vie ved Toyota Førde peiker på airbagen som ikkje er der lenger. Innringa er ruta tjuvane har knust for å kunne opne døra og få tilgang på det dei var ute etter. Bilen er ein splitter ny Toyota Avensis (Foto: Cato Husabø Fossen, firda.no/ANB)
MATERIELLE SKADER: Dagleg leiar Stein Vidar Vie ved Toyota Førde peiker på airbagen som ikkje er der lenger. Innringa er ruta tjuvane har knust for å kunne opne døra og få tilgang på det dei var ute etter. Bilen er ein splitter ny Toyota Avensis (Foto: Cato Husabø Fossen, firda.no/ANB)

Politiet i Førde etterforskar innbrot hos tre ulike bilforretningar på Halbrendsøyra vest for Førde sentrum natt til fredag. Det skriv Firda.

Tjuvane har gått etter airbagar i rattet hos dei i alt 14 bilane dei har forsynt seg i. For å komme til har dei knust ruter på bilane.

- Det som er stole er rattairbagar frå fem bilar hos Toyota Førde, åtte bilar hos Rico Førde og ein bil hos Volvo (Frydenbø Bilsenter jour.anm), skriv Sogn og Fjordane politidistrikt på loggen sin.

Del med Facebook-vennene dine

- Truleg proffe bandar

Stein Vidar Vie er dagleg leiar hos Toyota Førde. Det var han som fredag morgon melde frå til politiet om dei frekke innbrota.

- Alle bilane dei har vore inne i her hos oss er nye bilar som står plasserte utandørs. Tre av dei like ved hovudinngangen, fortel Vie, medan han peiker ut heilt nye modellar av Toyota Avensis og Toyota RAV4 som to av køyretøya som står att utan airbag - men med knust rute.

- Dei har visst godt kva dei var ute etter, ingen tvil om det, seier Vie. Han trur profesjonelle innbrotsbandar står bak tjuveriet heller enn lokale kriminelle.

Skader for over 100.000

Vie hos Toyota reknar med at skadene for kvar enkelt bil hos dei vil komme på mellom 15.000 og 25.000 kroner. Ser ein alle tre bilforretningane under eitt hamnar prisen for dei totale skadane fort på nærare 200.000 kroner.

Politiet ønskjer tips i saka. Desse kan gjevast på telefon 02800 eller ved å kontakte Førde lensmannskontor på annan måte.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Krasjtest - dette er de sikreste bruktbilene