TATT IGJEN: Dette er ikkje fyrste gongen mannen er stoppa for smugling av sigarettar. Denne gongen vart han tatt med 124.000 sigarettar i bilen. (Foto: Tollvesenet)
TATT IGJEN: Dette er ikkje fyrste gongen mannen er stoppa for smugling av sigarettar. Denne gongen vart han tatt med 124.000 sigarettar i bilen. (Foto: Tollvesenet)

Tatt med 124.000 sigarettar på svenskegrensa

Stoppa på veg til Bergen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mannen, som påstår han hadde henta sigarettane i Göteborg, vart stoppa på Svinesund laurdag kveld.

Då tollarane opna bagasjerommet fekk dei auga på 124.000 sigarettar, 45 liter brennevin og fire liter øl.

LES OGSÅ: Smuglet før han skulle i retten - for smugling

Beslaget er det største sigarettbeslaget på Svinesund til no i år.

Dette er ikkje fyrste gong denne mannen er tatt for sigarettsmugling.

Mannen vart overført til Austfold-politiet etter møtet med Tollvesenet.