Bensinstasjon rana på Radøy

Mann med kniv rana bensinstasjon i Hordaland, måndag ettermiddag.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Klokka 19.42 fekk operasjonssentralen ved Hordaland politidistrikt melding om at ein bensinstasjon i Manger i Radøy kommune var rana.

Ein mann med kniv skal ha truga betjeninga, som ikkje skal vera fysisk skadd.

Vitner kjente igjen ranaren, og like over klokka 21 vart ein mann i 20-åra tatt av politiet.