INGEN BOMBE HER: Mannen protesterte mot sikkerheitskontrollen på flyplassen. (Foto: CBS)
INGEN BOMBE HER: Mannen protesterte mot sikkerheitskontrollen på flyplassen. (Foto: CBS)

Kledde seg splitter naken på flyplass i USA

John (49) protesterte mot sikkerheitskontrollen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Då 49 år gamle John E. Brennan skulle gjennom sikkerheitskontrollen i Portland International Airport, gjorde han jobben lett for vaktene. Brennan kledde rett og slett av seg alt og sto naken frå topp til tå.

LES OGSÅ: Jasper overmannet flyterroristen

Ikkje planlagt

Brennan fortel at stuntet var ein protest mot sikkerheitskontrollen på flyplassen.

– Den mest effektive måten å fortelja at eg ikkje har med meg ei bombe er å ta av meg kleda, seier Bennen, ifølgje nyheitsbyrået AP.

PÅKLEDD IGJEN: John E. Brennan er godt kledd då han møter pressa etter naken-protesten. (Foto: Don Ryan/Ap)
PÅKLEDD IGJEN: John E. Brennan er godt kledd då han møter pressa etter naken-protesten. (Foto: Don Ryan/Ap)

Brennan har fortalt at han ikkje hadde planlagt å kle av seg. Han seier at Transportation Security Administration (TSA), som har ansvar for sikkerheita på flyplassar i USA, har problem med å skilja grensa mellom det private og tryggleik. TSA kryssar denne grensa, meiner Brennan.

Han bestemte seg for å protestera etter at han var blitt tatt til side etter å ha gått igjennom ein metalldetektor og ei kroppsvisitering.

LES OGSÅ: – Hadde nok eksplosiver til å styrte flyet

Tatt vekk med handkle rundt livet

49-åringen blei ført vekk frå sikkerheitsområdet med eit handkle rundt seg.

Brennan har sagt at «han var naken, men ikkje grisete».

I NETTOEN: John E. Brennan, på Portland International Airport,  har også tidlegare protestert ved å kle av seg. (Foto: Brian Reilly/Ap)
I NETTOEN: John E. Brennan, på Portland International Airport, har også tidlegare protestert ved å kle av seg. (Foto: Brian Reilly/Ap)

Flyplasspersonalet fortel at andre reisande reagerte ulikt på naken-protesten. Medan enkelte dekte augo sine og på borna sine, lo andre og tok bilete.

Det var tirsdag denne veka, då Brennan skulle med eit kveldsfly til San Jose i California, at han lot kleda falla.

LES OGSÅ: Mener flyplasskanning bryter loven

Måtte vise brystprotese

Brennan blei fyrst sikta for ordensforstyrring, men siktinga blei etterkvart droppa.

Det er ikkje fyrste gong kroppsskanning og kroppsvisitering har vekt reaksjonar. Sikkerheitsrutinane på USAs flyplassar er omstridt.

Andre gongar har myndigheitene gitt reisande beskjed om å kle av seg. For ei stund tilbake måtte ein liten gut kle av seg. Ein anna gong måtte ei brystkreftoperert kvinne bevisa at det faktisk var ein protese ho hadde under BH-en.

LES MEIR: Her blir gutten avkledt i sikkerhetskontrollen

Erfaren naken-protestar

Det er ikkje fyrste gong Brennan har kritisert TSA for sine rutinar. Det er heller ikkje fyrste gong han kler av seg i det offentlege som politisk protest. 49-åringen har tre gongar deltatt i World Naked Bike Ride, som blir arrangert i Portland i protest mot oljebruken, bilisme og miljøureining.