BLODTYPE A KAN AUKA RISIKOEN: Amerikanske forskarar trur menneske med blodtype A, lettare kan bli angripne av rotaviruset som gir kraftig magesjuke. (Illustrasjonsfoto) (Foto: Colourbox)
BLODTYPE A KAN AUKA RISIKOEN: Amerikanske forskarar trur menneske med blodtype A, lettare kan bli angripne av rotaviruset som gir kraftig magesjuke. (Illustrasjonsfoto) (Foto: Colourbox)

Blodtype kan avgjera om du er utsett for magesjau

– Eit overraskande funn, seier forskarane bak studien.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Blodtypen din kan påverka risikoen for omgangssjuke. Nye funn viser at menneske med blodtype A lettare kan blir angripne av enkelte typar omgangssjuke. Det skriv den danske nettavisa videnskap.dk.

Tar 500.000 liv på verdsbasis

Det er rotaviruset, i alle fall enkelte variantar av dette viruset, som ser ut til å lettare angripa menneske med blodtype A.

I vår del av verda er viruset relativt ufarleg, men på verdsbasis fører denne typen omgangssjuke til ein halv million dødsfall kvart år – særleg blant små born, ifølge videnskap.dk.

Det er ei amerikansk gruppe forskarar som hevdar at det ser ut til menneske med blodtype A lettare kan bli angripne av dette viruset.

Uventa funn

Professor B. V. Venkataram Prasad, ein av forskarane bak studien, meiner er det er eit overraskande funn dei har lagt fram.

– Ingen hadde venta dette, seier professor B. V. Venkataram Prasad fra Baylor College of Medicine i ei pressemelding.

Ifølgje Videnskap.dk var Prasad og hans kollegaer eigentleg ikkje var på jakt etter forskjellar i blodtype då dei gjorde oppdaginga. Det dei eigentleg forska på var kva delar av cellene våre som viruset heng seg fast i.

LES OGSÅ: Hundegalskap har tatt livet av 100 mennesker på Bali

Viruset kan føra til ein svært smittsam og akutt infeksjon. Symptoma er feber, oppkast, diaré og ofte magesmerter.

Vaksine mot viruset

For eit par år sidan blei det utvikla to nye vaksiner mot viruset. Men få land har tatt dei i bruk, ifølgje Norsk folkehelseinstitutt.

Framleis er det mange spørsmål forskarane må finna svar på. Forskarane har enno ikkje kartlagd sjuke menneske for å finna ut om viruset lettare angriper folk med blodtype A. Dei veit heller ikkje kor mange variantar av viruset samanhengen eventuelt gjeld for.

LES OGSÅ: Influensa- og norovirus herjer landet