DRUKNA: Seks personar har drukna etter å ha blitt slept ut til sjøs av kraftige straumar på denne stranda i Sør Afrika. (Foto: South Africa's National Sea Rescue Institute (NSRI))
DRUKNA: Seks personar har drukna etter å ha blitt slept ut til sjøs av kraftige straumar på denne stranda i Sør Afrika. (Foto: South Africa's National Sea Rescue Institute (NSRI))

Seks rugbyspelarar drukna etter trening på stranda

15 andre rugbyspelarar vart redda opp av vatnet, etter at hyggestund enda i uhygge.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Spelarane i den Sør-Afrikanske rugbyklubben Motherwell Rugby Club skulle berre slappa av på stranda etter dagens trening før ei påsketurnering, noko som enda i katastrofe.

Motherwell Rugby Club stadfestar at seks av spelarane våre har drukna ved Bluewaterbay-stranda. Ein er stadfesta drukna, fem er framleis sakna, antatt døde, skriv klubben på si eiga side på Facebook.

21 personar tatt av straumen

Den tragiske hendinga skjedde på sundag, framleis har ikkje redningsaksjonen lukkast med å finna kroppane til dei fem sakna.

LES OGSÅ: Dramatisk video: Her vert skulebussen knust av politiet

Totalt vart 21 personar tatt av straumen, tre av dei var ikkje tilknytt rugbyklubben.

Leiteaksjonen vert no trappa opp for å finna dei fem.

Stranda dei bada og slappa av på er kjent for sine særs kraftige strømmer som plutseleg kan oppstå.

– I det eine augneblikket bada dei fredlig, med vatn opp til brystet, i det neste augneblikket var det kaos med armar i lufta, medan straumen frakta dei vekk, seier Brendon Helm, som jobbar som badevakt på stranda.

– Dette er noko eg vil ta med meg resten av livet mitt. Berre åtte badevakter som skulle redda 21 menneskjer med desperasjon i blikket som bad oss komma og redda dei, seier han til Sky news.

Redda tre personar i slengen

Eit helikopter frå forsvaret, saman med dykkarar frå politiet vart raskt sett inn i leitinga etter dei sakna, som alle er tidleg i 20-åra.

– Fleire av oss klarte å redda opp to og tre personar samstundes, og på den måten setja våre eigne liv i fare, seier Helm.

LES OGSÅ: Gudstjeneste for tom kirke i 37 år

Sør Afrikas sjøredningsteneste seier til Sky News at området er kjent for sine lumske straumar.

– Difor har me utvikla eigne redningsteknikkar, seier Andrew Ingram til Sky news.

FÅ STYRKER: Det var berre fem badevakter på jobb på den aktuelle
  stranda på sundag. I tillegg kom to badevakter stormande til frå ein
  post i nærleiken, for å hjelpa til med redningsarbeidet. (Foto: South
  Africa's National Sea Rescue Institute (NSRI))
FÅ STYRKER: Det var berre fem badevakter på jobb på den aktuelle stranda på sundag. I tillegg kom to badevakter stormande til frå ein post i nærleiken, for å hjelpa til med redningsarbeidet. (Foto: South Africa's National Sea Rescue Institute (NSRI))