HER KNUSER POLITIET INN I SKULEBUSSEN: Ein sivil politibil knuser her inn i sida på bussen, så den snurrar rundt på motorvegen og må stoppa. Kort tid etter stormer væpna politi fram og fyrer laus mot busstjuven. (Foto: CBS)
HER KNUSER POLITIET INN I SKULEBUSSEN: Ein sivil politibil knuser her inn i sida på bussen, så den snurrar rundt på motorvegen og må stoppa. Kort tid etter stormer væpna politi fram og fyrer laus mot busstjuven. (Foto: CBS)

Dramatisk video: Her vert skulebussen knust av politiet

Dramatiske bilete viser enorm politijakt på stolen skulebuss i USA.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det heile skjer særs raskt. Fyrst kan ein sjå ein politimann fyra laus med sitt ikkje-dødeleg våpen, før ein annan politimann fyrer laus med sin ekte pistol mot busstjuven.

Det heile starta natt til åttande mars. Då skal Nathanial Shipman ha stole ein skulebuss frå ei bussparkering i Albuquerque, USA.

Med det lokale politiet på hjul enda han opp i byen Grants. Dei fyrte laus mot busstjuven, men bomma.

Enorm politijakt

Han køyrde vidare, no med politi frå Grants, Bernalillo og delstatspolitet på hjul.

LES OGSÅ: Vill politijakt etter geit

På det meste var dei oppe i 180 kilometer i timen.

Bussen køyrer over fleire spikarmatter, og ein kan sjå at fleire gonger køyrer politibilar inn i sida på bussen for å få den til å stoppa, utan hell.

Det er fyrst når ein sivil politibil køyrer rett inn i sida på bussen, at sjåføren totalt mister kontrollen på bussen og snurrar nesten heilt rundt på motorvegen.

Alt saman vart filma av politiet sjølv. Filmen kan du sjå i videovinduet øvst i saka.

LES OGSÅ: Ellevill politijakt på kvinne i undertøy

Etter at bussen er stoppa, stormar lokalt politi og fyrer laus på føraren med sitt ikkje-dødeleg våpen.

Vert henta ut blodig og såra

Deretter stormar ein politimann frå politiet i Bernalillio fram og fyrer laust på føraren med skarpt. Sekunder seinare vert busstjuven slept såra og blodig ut frå bussen.

LES OGSÅ: Vill politijakt på ... politibil

Busstjuven Shipman er no ute av sjukehuset og i fengsel.

Skytinga av han er framleis under etterforsking.