FIRE SKADD: Ein mann er sendt med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus etter ei alvorleg trafikkylukke i Tysvær søndag kveld.  (Foto: Hanne Cathrine Fagerland)
FIRE SKADD: Ein mann er sendt med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus etter ei alvorleg trafikkylukke i Tysvær søndag kveld. (Foto: Hanne Cathrine Fagerland)

Far kritisk skadd etter kollisjon med buss

Fire personar involvert i alvorleg trafikkulykke i Tysvær. Born (7 og 12) kun lettare skadd.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Haukeliekspressen og ein personbil kolliderte utanfor Haugesund søndag kveld.

– Føraren av personbilen sit fastklemt med alvorlege skader, seier Oddvar Olsen, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, til tv2.no.

Kl. 18.39 får operasjonsleiar melding om at sjåføren av personbilen er tatt ut ut og sendt med luftambulanse til sjukehuset i Haugesund. Mannen skal vera hardt skadd.

Det var ein far og to søner på 7 og 12 år som sat i personbilen, opplyser politiet. 7-åringen skal berre ha fått lettare fysiske skader.

Mannen skal være kritisk skadd. Helse Fonna opplyser at 12-åringen har fått moderate skader og at tilstanden hans er stabil.

– Køyrde inn i bussen

Også bussjåføren er sendt til sjukehuset i Haugesund. Ifølgje lokalavisa Haugesunds Avis skal ikkje bussjåføren ha fått særlege fysiske skader.

Ulykka har skjedd på E 134 i Førre i Tysvær. Det er ikkje klart kva som har skjedd, men ifølgje Olsen skal personbilen ha køyrd inn i den eine sida av bussen. Innsatsleiar på staden, Øyvind Kjetland, seier til lokalavisa at vitne har forklart at personbilen kom over i feil køyrefelt.

– Bussen ligg no fem meter utanfor vegen, i ei skråning ned mot fjorden, seier Olsen.

– Bilen er fullstendig totalvrak.

Til alt hell var bussjåføren aleine i bussen då ulykka skjedde.

Alle naudetatar var rask på staden. Både luftambulanse og eit Sea King-helikopter blei sendt til ulykkesstaden.

Lange køar

Vegen blei stengt etter ulykka. Ifølgje Haugesunds Avis blei fleire skuelystne bedne om å fjerna seg av politiet. Politiet omdirigerte trafikken i området. Bilistar i retning Tysvær fekk beskjed om å snu.

– Det blir rapportert om lange køar på staden, ifølgje lokalavisa.

Ulykka skjedde i 18-tida.

NTB / TV 2