Vil ha Statoil til Sør-Sudan
– Statoil bør søkje konsesjon for oljeboring i Sør-Sudan. Det seier oljeministeren i landets mest oljerike region til TV2. Sudan og Sør-Sudan står på randen av krig, som følgje av ein bitter strid om olje.
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Like under bakken i Sør-Sudan ligg olje for milliardar av dollar. Men for tida er dei enorme verdiane til ingen nytte for folk i det lutfattige landet. Den einaste rørleidningen for eksport går nemleg nord - gjennom Sudan. Etter ein lang strid om kor mykje avgift Sør-Sudan skulle betale for bruken av rørleidningen, konfiskerte Sudan 6 millionar fat olje som betaling. Det fekk den ferske nasjonen i sør til å sjå raudt, og i januar stengte Sør-Sudan all eksport av olje til nord.
Logg inn for å lese denne artikkelen
Om du ikke har en TV 2-konto fra før kan du lage en, helt uten kostnad!
Artikkelen er oppdatert