UROA: Helseminister Anne Grete Strøm Erichsen er uroa over feila ved OUS.  (Foto: TV 2)
UROA: Helseminister Anne Grete Strøm Erichsen er uroa over feila ved OUS. (Foto: TV 2)

Helseministeren: Uroa over feila ved OUS

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen meinar at feila og manglane ved OUS kan skapa utryggheit blant pasientane.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg er opptatt av at pasientane skal ha tryggleik rundt at dei får dei tenestene dei treng. Difor vert eg litt uroa når me stadig vert påminna feila og manglane ved Oslo universitetssjukehus. Det kan skapa utryggleik, innrømmer helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i dagens høyring i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

Årsaka er at då meiner ho at ein ikkje ser det store biletet ved OUS.

– Alle er einige om målet

– For ved OUS får dei pasientbehandling dei ikkje kan få andre plassar, seier ho.

Helseministeren seier at noko av utfordringa deira er mangelen på lik røyndomsforståing om samanslåingsprosessen.

– Eg opplever at alle er einige om målet, men at røyndomsoppfattinga er annleis mellom dei tilsette og leiinga ved OUS, seier ho.

LES OGSÅ: Sykehusledelsen grillet om ventelistetriksingen

– Den nye leiinga og styret må jobba intenst for å få same røyndomsforståinga, seier ho.

Saksordførar Anders Anundsen (FrP) lurte på kven som hadde ansvaret for ventelisteskandalen som vart avslørt av TV 2 på torsdag.

Saka held fram under biletet

HAMRA LAUS: Kommiteleiar Anders Anundsen (FrP) hamra laus på helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.  (Foto: TV 2)
HAMRA LAUS: Kommiteleiar Anders Anundsen (FrP) hamra laus på helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. (Foto: TV 2)

– Om saksordføraren ynskjer at eg skal ta på meg ansvaret, så gjer eg det. Men det er sjukehuset som er ansvarleg for å sørgja for at pasientane får den behandlinga dei skal ha, når dei skal ha den, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Høgres Per Kristian Foss fylgde opp den tråden.

– Har økonomien vore ansvarleg for at leiinga har behandla ventelistene i strid med loven?

Er ikkje sikker på om i strid med lova

– Om det er i strid med loven avventar eg, svarte Strøm-Erichsen.

– Betyr det at du er ueinig med fylkeslegen?

– Nei, det er eg ikkje. Men eg kjenner ikkje detaljane i denne saka meir enn det som kom fram på TV 2. Difor er det naturleg for meg å be om ei redgjøring om dette, seier ho.

LES OGSÅ: Ansatte frykter for pasientenes sikkerhet

– Men om dei ikkje har behandla ventelistene rett, er det veldig alvorleg, legg ho til.

SJÅ VIDEO: I desember 2010 sa helseministeren at alt gjekk som det skulle med IKT-prosjektet ved OUS. I april 2011 vart det lagt ned.

598262

Helseministeren har framleis stor tru på at omstillinga ved OUS kjem til å verta gjennomført på ein bra måte.

– Me må ta dei tilsettes bekymringar på alvor, men eg meinar at problema er overkomelege, seier ho.

– Skjer for mange skader

Ho seier at det har vore krevjande omstillingar, men at dei no ser at det fører til betre resultat for pasientar på enkelte felt. Samstundes innrømte ho at det skjer for mykje feil ved OUS.

– Det er for mange uønska skader som skjer ved norske helseføretak, også ved OUS, seier helseministeren.

– OUS gjennomfører over ein million behandlingar i året. Det vil framleis skje feil. Men det er vanskelig å seia om det har noko med omorganiseringa å gjera eller ikkje, legg ho til.