Sendt med luftambulanse til Oslo etter ulykke på Hvaler

Tre køyretøy innvolvert i ulykke i Hvalertunnelen. Ein person sendt med luftambulanse til Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det var tre køyretøy med til saman tre personar i, som var involvert i ei ulykke, seier operasjonsleiar ved Østfold politidistrikt, Villy Meier til tv2.no.

Han seier at ein person er sendt til Ullevål universitetssjukehus.

– Det er for tidleg å seia noko om tilstanden hans enno, legg han til.

Ulykka skjedde klokka 16.20.

Dei to andre bilistane vart sendt til sjukehus i Fredrikstad for kontroll.

Tunnelen, som er det einaste sambandet med Hvalerøyene, er stengt og vil vera stengt i fleire timar framover

Politiet veit ikkje kva som var årsaka til ulykka enno.