Dei to bilane som vart brukt til dieseltjuveriet vart begge avskilfta   så i tillegg til å bli tatt på fersken, bli innesparra av anleggsmaskiner då dei skulle stikke av og å få bot, må karane frå Litauen ta buss vidare. ALLE FOTO: Tore Bruland
Dei to bilane som vart brukt til dieseltjuveriet vart begge avskilfta så i tillegg til å bli tatt på fersken, bli innesparra av anleggsmaskiner då dei skulle stikke av og å få bot, må karane frå Litauen ta buss vidare. ALLE FOTO: Tore Bruland

Snakk om frekke og uheldige dieseltyver!

"Fanget" av anleggsmaskiner - fikk bot - og så ble bilene deres avskiltet!

Tre personane i to litauiske køyretøy, ei stasjonsvogn og ein varebil, vart onsdag morgon tekne på fersken for å ha stole diesel, melder nettutgaven til Sogn Avis.

Tjuveriet fann stad på anleggsområdet ved Borlaug som blir brukt i samband med bygging av den nye tunnelen frå Borlaugkrysset mot Maristova på E16.

Del med dine Facebook-venner

Mistenkeleg bil

– Eit par av våre folk som køyrde masse, oppdaga ein bil som ikkje hadde noko der å gjera, med tankar me har oppe i lina. Dei såg også kanner. Dei tok då kontakt med fleire via det interne nettet vårt, og me vart einige om å stogga tjuvane på Borlaug, fortel Tore Bruland, anleggsformann for K.A.-Aurstad.

Politiet fekk god hjelp av anleggsfolka, og kunne pågripa to personar då dei kom til staden.
Politiet fekk god hjelp av anleggsfolka, og kunne pågripa to personar då dei kom til staden.

Han fortel at dei stengde av vegen på Borlaug med ein hjullastar, slik at bilane måtte køyra inn på anleggsområdet. Der vart dei omringa av anleggskøyretøy.

– Me fekk stogga to bilar. Det var også ein tredje bil, men denne fekk me ikkje kontroll over.

Ikkje første gong

Bruland fortel at dei har vore på utkik etter dieseltjuvar ei stund.

– Det er ikkje første gong me har hatt slikt besøk. Tjuvane gjer mykje skade på maskiner når dei skal koma til dieselen, så dette kostar skjorta, seier han, og håper ryktet om tysdagens aksjon kan føra til at dei vert skåna for slikt framover.

Tjuvane freista å stikka av med minst 200 liter diesel.

Ein stakk til skogs

Då politiet, som fekk melding om tjuveriet i fem-tida onsdag morgon, kom til staden, kunne dei pågripa to personar.

– Ein tredje person stakk til skogs, opplyser Arild Stokkereit i politiet.

Dei to personane, som vart omringa av anleggsmaskiner etter at dei vart tekne på fersken for dieseltjuveri ved Borlaug i Lærdal onsdag morgon, har i avhøyr erkjent å ha utført tjuveriet, opplyser politiet.

Bøter

Dei to, ein 19- og ein 25-åring frå Litauen, har fått kvar si bot på 3.000 kroner.

Dei får ikkje køyra vidare i bilane som vart brukt under tjuveriet.

– Bilane er avskilta og vil bli kondemnerte fordi dei er i dårleg teknisk stand, seier Åge Løseth, lensmann i Sogndal.

Til Oslo

Han kan opplysa at dei to vil bli sette på ein buss til Oslo.

Det skal også ha vore ein tredje person i bilane. Denne personen skal ha stukke til skogs. Løseth seier onsdag ettermiddag at politiet ikkje veit kvar denne personen er og at politiet ikkje har sett inn veldig store ressursar på å finna han.

Truleg var det også ein tredje bil involvert i tjuveriet, men denne kom seg unna.

– Dette kan eg verken bekrefta eller avkrefta, seier Løseth.

Denne bilen vart også avskilta.
Denne bilen vart også avskilta.

Les flere bil- og motorsaker i Sogn Avis sitt motormagasin her

LES OGSÅ: Her er flere uheldige dieseltyver!