SPORTS HIJAB: Det asiatiske fotballforbundet støtter kvinnelege fotballspelarar som vil bruka hijab. (Foto: Géraldine WOESSNER/Afp)
SPORTS HIJAB: Det asiatiske fotballforbundet støtter kvinnelege fotballspelarar som vil bruka hijab. (Foto: Géraldine WOESSNER/Afp)

Fotballforbund ber om grønt lys for sports-hijab

I mars skal den kontroversielle regelen diskuterast i London.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det asiatiske fotballforbundet bad måndag den internasjonale lovkomiteen som fastset reglane i fotball, IFAB, om å godkjenna eit forslag om å endra reglane slik at kvinnelege fotballspelarar kan bruka hijab.

Les også: Muslimer vil ha hijabforbud på barneskoler

Ikkje trygt, meinte FIFA

FIFA la ned forbod mot hijab i 2007. Det internasjonale fotballforbundet FIFA meinte det ikkje var trygt å spela fotball med hijab.

Forbodet har spelt muslimske fotballspelarar som brukar hijab utover sidelinja.

Forbodet er blitt kritisert av muslimske leiarar. Zhang Jilong i det asiatiske fotballforbundet og også medlem i FIFA, seier at skjal med borrelås, som skal vera eigna for fotballspelarane, no er ute på marknaden.

Sjal med borrelås

Visepresident i det asiatiske fotballforbundet, prins Ali Bin Hussein frå Jordan, la fram forslaget om regelendringar for FIFA i desember.

I mars skal saka behandlast av IFAB i London. – For kvinnefotballen verda over er det viktig at reglane vert endra, meiner Zhang.

– Mange kvinnelege fotballspelarar i Asia bruker sjal. Eg vil oppmoda lovkomiteen om å revurdera regelen og tillata kvinnelege spelarar å spela med eit trygt sjal, seier Zhang.

Les også: Utvalg foreslår hijab i politiet