FYRSTE MØTE: Utanriksminister Jonas Gahr Støre og Aung San Suu Kyi har fleire gongar snakka med kvarandre på telefon. Onsdag møtte Støre Suu Kyi for fyrste gong i Myanmar.  (Foto: TV 2)
FYRSTE MØTE: Utanriksminister Jonas Gahr Støre og Aung San Suu Kyi har fleire gongar snakka med kvarandre på telefon. Onsdag møtte Støre Suu Kyi for fyrste gong i Myanmar. (Foto: TV 2)

Aung San Suu Kyi takka bergensarane

Og det norske folk. Demokratiforkjemparen håpar på forsatt norsk støtte i kampen for demokrati.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre møtte onsdag Aung San Suu Kyi i Myanmar.

– Ho uttrykte stor glede for at ho om få dagar skal reisa ut på landevegen og treffa tilhengarane sine, fortel TV 2s reporter i Myanmar Bent Skjærstad.

Gler seg til å møta folket

Det er fyrste gang Støre besøkjer Myanmar. Møtet mellom Støre og Aung San Suu Kyi varte i kring tre kvarter.

– Det såg ut til at dei hadde hatt ein god samtale då dei kom ut og møtte oss i pressekorpset. Støre overleverte meldinga om korleis Noreg ønskjer å støtte opp opposisjonsrørsla i den situasjonen Myanmar er i no og i forkant av valet som Aung San Suu Kyi skal delta i, seier Skjærstad.

POPULÆR: TV 2s reporter Bent Skjærstad trur Aung San Suu Kyi har ein god sjanse til å få ein plass i nasjonalforsamlinga når ho stiller til suppleringsval i april. ¿ Ho er enormt populær her, seier han. (Foto: TV 2)
POPULÆR: TV 2s reporter Bent Skjærstad trur Aung San Suu Kyi har ein god sjanse til å få ein plass i nasjonalforsamlinga når ho stiller til suppleringsval i april. ¿ Ho er enormt populær her, seier han. (Foto: TV 2)
Møtet fann stad heime i bustaden til demokratiforkjemparen som i 1991 fekk Nobels fredspris.

Suu Kyis parti, Den nasjonale demokratiliga, vart fråtatt statusen som politisk parti då det boikotta valet i 2010, men har no fått tilbake løyvet til å delta i politikken.

Om nokre få dagar skal Aung Sang Suu Kyi etter planen reisa ut og treffa tilhengarane sine og driva valkampanje.

– Ho uttrykte store glede for dette, fortel TV 2s reporter frå Myanmar.

Takka Bergen og Noreg

I 1990 mottok Augn Sang Suu Kyi Raftoprisen, noko som bidrag til å setja søkjelys på kampen hennar.

– Aung Sang Suu Kyi takka det norske folk. Ho takka for den støtta ho og opposisjonen har fått i dei åra dei har kjempa mot regimet her i Myanmar. Ho håpte også at Noreg vil vera med vidare å hjelpa opposisjonsrørsla i å betra forholda i Myanmar og også med å skapa demokrati.

Ei særleg takk sende demokratiforkjemparen til Raftoprisen sin heimby, Bergen.

– Ho takka spesielt Bergen og bergensarane, fortel Skjærstad.

– Må vera på vakt

– Det var utruleg hyggeleg, seier dagleg leiar for Raftostiftinga, Therese Jebsen.

– Korleis ser de på situasjonen i Myanmar?

– Me er veldig glade for at det er så mange konkrete endringar. Samtidig er det grunn til å vera på vakt. Det er viktig å følgja med på kva som skjer bak kulissane. Men kvart einaste positivt tiltak er me glade for, seier Jebsen, som understrekar at det framleis er ein lang veg å gå for Myanmar.

– Me må ikkje vera naive, seier ho.

– Kva bør Noreg gjera no?

– Følgje nøye med og ha tett kontakt med Aung Sang Suu Kyi og ulike etniske grupper i det sivile samfunnet, seier Jebsen.

Seinast i sommar besøkte styreleiaren i Raftostiftinga Suu Kyi.

Les også: Ko Ko fikk 60 års fengsel for fire e-poster

Om Aung Sang Suu Kyi ønskjer å besøkja Bergen er ho hjarteleg velkommen, men ho skal ikkje føla at ho bør komma for å takka.

– Ho må fyrst og fremst ta vare på landet og sine eigne behov. Viss det er viktig for henne må ho koma, men ho har mykje å ta fatt i. Ho har ei enorm oppgåve.

– Me er meir opptatt av om det er meir me kan gjera for henne enn at ho kjem til oss, seier Jebsen som besøkte Aung San Suu Kyi i 1999.

Les også: Amnesty: - Verden må ikke la seg lure