Taxisjåfør skore laus etter bilbrann

Full fyr i taxien.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein taxi begynte å brenna ved Straume bru i Bergen onsdag føremiddag. Han var forbrent i ansikt og armar, seier Preben Wallestad, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til tv2.no.

Sjåføren fekk hjelp ut av bilen. Bilbeltet måtte skjerast over for å få mannen ut. Wallestad veit ikkje kor alvorleg brannskadd mannen er.

Ifølgje Bergens Tidende skal sjåføren vera kjørt diretkte til brannskadeavdelinga på Haukeland sjukehus med tredjegrads forbrenning.

Full utrykking

Taxi-sjåføren, ein mann i 60-åra, var aleine i bilen.

Politiet fekk melding om brannen kl. 10.04. Alle naudetatar rykte ut. Det er heller ikkje klart kva som skjedde då det begynte å brenna. Bilden sto i full fyr.

Ifølgje Bergens Tidende fortel eit augevitne at panseret på taxien sto i full fyr. Avisa skriv at det kan sjå ut til at den kraftige brannen har starta i dashbordet eller under setet på pasasjersetet framme i bilen.

Fekk hjelp av kollega

Paul Pambo, taxieigar i Bergen Taxi, hjelp mannen laus, skriv bt.no

– Eg kom kjørande og såg bilen brann. Ein kollega stoppa også. Så drog me sjåføren ut av bilen og la eit teppe over han, seier han til bt.no.

Pambo og ei kvinne la seg ned ved sida av den brannskadde kollegaen og haldt han varm til brannvesenet kom.