Trent Arsenault sæd donor (Foto: Lacy Atkins/Ap)
Trent Arsenault sæd donor (Foto: Lacy Atkins/Ap)

Trent er jomfru og far til 14 born

Trent Arsenault har aldri hatt sex, men er likevel far til 14 born. Han gjer nemlig vekk gratis sæd.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Datatryggleiks-spesialisten frå Missouri, midt i bibelbeltet i USA, og son av ein evangelisk predikant, har aldri hatt sex, men brukar all sin seksuelle energi til å hjelpa barnlause par.

– Eg har ingen seksuell aktivitet utanom det, seier han til Newser.com.

Det kanskje mest spesielle med heile historia er at det ikkje kostar eit øre å få sperma hans.

Levere fersk sperm

Arsenault «jobbar» heimafrå, og har vore aktiv sidan 2006. Dataspesialisten, som jobbar i Silicon Valley, har mellom anna sett opp ei eiga heimeside der du finn nesten all informasjon som er mogleg å få om han.

Saka held fram under biletet.

Trent Arsenault sæd-donor (Foto: Lacy Atkins/Ap)
Trent Arsenault sæd-donor (Foto: Lacy Atkins/Ap)

Deretter kan dei trengande komma til han, henta sperma dei treng for å deretter reisa på ein klinikk og inseminera sperma.

– Dei kjem til meg for sperma min er heilt fersk, og har ikkje vore frosen i fleire år, seier han til Mercury News.

LES OGSÅ: Rødhårede sæddonorer avvises

Men det er ikkje all informasjon ein finn om Trent Arsenault på heimesida hans.

LES OGSÅ: Nektes å gi sæd gratis

Gawker.com har nemlig avslørt at Arsenault likar å legga ut videoar på nettet av seg sjølv som masturberar i koppar. Gawker.com skriv at videoane hans har meir enn tre millionar treff på den aktuelle nettsida.

Myndigheitene reagerer

Han skriv også i profilen sin at han gjekk på U.S. Naval Academy i Annapolis, den amerikanske marinens krigsskule. Men Gawker.com skriv at han rømde etter berre eit halvt år, då han ikkje orka meir av skrikinga til befalet.

Motivasjonen til Arsenault skal vera å hjelpa barnlause par som ikkje er i stand til å betala tusenvis av kroner i spermbankar. Fleire av kundane hans er lesbiske par.

LES OGSÅ: Britiske tenåringer søker sæd på nett

Den private spermbanken har no fått problem med amerikanske Food and Drug Administration (FDA), som er ein eigen etat innan det føderale Helse- og sosialdepartementet i USA.

Dei meinar nemlig at han ikkje har gjort nok for å hindra spreiing av smittsamme sjukdommar, då dei meinar at «firmaet» hans er ein produsent av «menneskelige celler, vev, celular og vevsbaserte produkt».

Produserar vidare

FDA krev no at han stoppar produksjonen sin umiddelbart. Arsenault risikerer no 600.000 kroner i bot og opp til eit år i fengsel.

LES OGSÅ: Alexander (26) selger sæd til høystbydende

No kjempar han for å omgjera denne avgjersla, og i mellomtida held produksjonen hans fram.

– Kanskje ein dag vil mine data-gener produsera den neste forskaren her i Silicon Valley?, undrar han.

Ville du hatt born med denne mannen? Diskuter i debattfeltet.