snø tyskland (Foto: CHRISTOF STACHE/Afp)
snø tyskland (Foto: CHRISTOF STACHE/Afp)

Europa snør ned

Tusenvis av ski-turistar er isolerte etter heftig snøfall i Mellom-Europa. Det er stor snøskredfare.

Fleire tusen skituristar er no innesperra over store delar av Mellom-Europa etter kraftig snøfall siste tida. Austerrike, sørlege delane av Tyskland, Frankrike og Sveits har opplevd enorme mengder med snø dei siste dagane. Enkelte plassar har det kome meir enn 5,5 meter. Fleire stengte skisenter Det har ført til stengte vegar og jernbanelinjer, og snøskredfaren er sagt å vera ekstremt høg.