STUPTE I TIBER: Maurizio Palmulli i fritt fall ut i Tiberen. Fem menn deltok i den tradisjonelle nyttårsmarkeringa. (Foto: TONY GENTILE/Reuters)
STUPTE I TIBER: Maurizio Palmulli i fritt fall ut i Tiberen. Fem menn deltok i den tradisjonelle nyttårsmarkeringa. (Foto: TONY GENTILE/Reuters)

Feirar nytt år med stup i Tiberen

Veteranbadar Maurizio Palmulli har gjennomført sitt 24. nyttårsstup.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

NYTTÅRSBAD: At det berre var 14 grader i sjøen stoppa ikkje badeglade franskmenn i å starta 2012 med eit bad i Middelhavet. (Foto: SEBASTIEN NOGIER/Afp)
NYTTÅRSBAD: At det berre var 14 grader i sjøen stoppa ikkje badeglade franskmenn i å starta 2012 med eit bad i Middelhavet. (Foto: SEBASTIEN NOGIER/Afp)
Tradisjonen tru var det fleire som starta det nye året med å stupa fra ei bru ut i Tiberen i Roma.

Ville bli stuntmann i 1946

Tradisjonen med å stupa ut i Tiberen skriv seg tilbake til 1946 då ein arbeidsledig mann som forsøkte å skaffa seg jobb som stuntmann hoppa frå brua Cavour for å promotera seg sjølv.

Fem menn stupte frå den 17 meter høge brua i 2012, deriblant Maurizio Palmulli som stupte for 24. gong, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Stuntet er ikkje heilt ufarleg. Vatnet i Tiber er kaldt og eigentleg er ikkje elva djup nok for å stupa frå ei slik høgde som ein kasta seg ut frå for å markera det nye året.

Tusenvis kastar seg i havet

Det var ikkje berre i Roma folk starta det nye året med eit bad. I Antibes i Frankrike tok folk nyttårsbadet i Middelhavet, der temperaturen var 14 grader. Også i Nederland og Tyskland vart det nye året markert med bad.

Fleire tusen nederlendarar deltok i eit tradisjonelt nyttårsbad i Scheveningen. Januarbadet i Nederland skal ha blitt starta av ein symjeklubb i Scheveningen på 60-talet og har no spreidd seg til heile landet. Ifølgje den nederlandsk tv-kanalen RTL4 vart det arrangert nyttårsbad 89 stadar i landet.

Temperaturen i Nordsjøen var kring åtte gradar, noko som var dobbelt så varmt som i fjor då mange av dei organiserte bada måtte avlysast på grunn av kulden.