Arrestert etter at han fridde til kjærasten med stolen ring

Ryan Jarvis er nok ikkje av den mest romantiske typen. No risikerer han opp til ti år i fengsel for frieriet sitt.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I jola fridde Ryan Jarvis til dama si, Amber LaFountain.

Amber sa straks ja, og la ut bilete på Facebook-sida si, der ho stolt annonserte det føreståande ekteskapet og la ut bilete av den flotte forlovelsesringen.

Men fleire av dei som såg bileta, inkludert tre av Ambers venner sendte anonyme tips til det lokale politiet i Burlington.

Stal ringen i romjola

Det melder ABC News.

Det viste seg nemlig at ringen var stolen frå ein lokal gullsmed på andre joledag.

Etter litt etterforsking oppsøkte politiet Amber for å høyra om ho nyleg hadde fått ein forlovelsesring.

TJUVEN, TJUVEN: Ryan Jarvis ville gjerne gifta seg med dama
  si, men hadde ikkje råd til draumeringen. Då stal han det. Berre dagar
  etterpå vart han arrestert. (Foto: Burlington Police Department)
TJUVEN, TJUVEN: Ryan Jarvis ville gjerne gifta seg med dama si, men hadde ikkje råd til draumeringen. Då stal han det. Berre dagar etterpå vart han arrestert. (Foto: Burlington Police Department)
Ho var på utsida av huset når politiet kom. og ho kunne stadfesta at ho hadde fått ein ring kvelden før.

Ho fortalte at ringen ikkje passa, så dei skulle levera den inn for å få den tilpassa, sa ho til politiet.

– Er ringen stolen?, spurte ho så politiet.

– Kvifor spør du om det?, svara dei då.

– Me har ikkje så mykje pengar, og sidan de er her no, rekna eg med at ringen var stolen, svara ho.

– Det var dumt av meg

Ringen skal ha ein butikkpris på rundt 19.200 norske kroner.

Rett etterpå dukka Jarvis opp og.

Han innrømte straks tjuveriet.

– Jarvis sa at han vurderte fleire alternative finansieringsmåtar, men at han aldri ville få råd til den ringen han hadde lyst på, skreiv politimannen Jesse Stewart i rapporten etter arrestasjonen.

Jarvis sprang difor det han var god for, ut av butikken med ringen.

– Han innrømte at det var ein dum ting å gjera, avsluttar Stewart rapporten med.

Ryan Jarvis risikerer no opp til ti år i fengsel og ei bot på 6000 kroner.