ETTERFORSKNINGEN FERDIG: Trond Birkedal er siktet for seksuell omgang med en mindreårig og seksuell krenkende atferd mot flere personer.  (Foto: Johansen, Geir Otto, © LOCH)
ETTERFORSKNINGEN FERDIG: Trond Birkedal er siktet for seksuell omgang med en mindreårig og seksuell krenkende atferd mot flere personer. (Foto: Johansen, Geir Otto, © LOCH)

Birkedal tiltalt for filming og seksuell omgang med mindreårig

Trond Birkedal orientert om tiltale.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Trond Birkedal er tiltalt for å ha filma unge gutar i skjul og for seksuell omgang med ein mindreårig gut, ifølgje VG Nett.

Den tidlegare ordførarkandidaten og Frp-toppen må møta i retten på nyåret etter at han nakenfilma unge menn på badet i sin eigen heim i Stavanger. Birkedal er også tiltalt for seksuell omgang med ein mindrårig gut, ifølgje VG.

– Det er tatt ut tiltale mot Trond Birkedal, blant annet om seksuelt krenkande adferd, seier politiadvokat Karsten Monsen ved Rogaland politidistrikt til VG Nett.

Trond Birkedals forsvarar Arvid Sjødin stadfester overfor TV 2 at det er tatt ut tiltale.

– Vi blei munnleg gjort kjent med at det er tatt ut tiltale i dag. Vi vil få den sendt over i morgon, seier Sjødin til tv2.no

Sjødin vil onsdag kveld ikkje gje yttarlegare kommentarar.

– Dersom så er tilfelle (at tiltalen inneheld overgrep jour. anm.), så ser eg fram til å få desse påstandane belyst i ein rettssak. Den merksemd saka no har fått, gjer at det er rett at dette blir endeleg avklart i retten, seier Trond Birkedal til tv2.no onsdag kveld.

Les også: Birkedal om dusjfilmingen: – Jeg tenkte ikke over at det var ulovlig

I seks år, frå 2002 til 2008, var Trond Birkeddal leiar i FpU. Han sat i Fremskrittspartiets sentralstyre, og var partiet sin ordførarkandidat i Stavanger. Alt dette fekk ein brå stopp då Birkedal vart anmeldt av ein ung mann for filming med sjult kamera i dusjen.

Trond Birkedal har erkjent å ha filma fleire personar utan at dei var klar over det. Birkedal har nekta for seksuelle overgrep.

Birkedal vart pågripen 31. mars i år.

Les også: Tiden i fengsel ga Trond Birkedal nytt syn på straffesystemet