Voldtatt og kidnappa: Redda etter naudrop via Facebook

– Hallo, er der nokon der ute? Eg har eit seriøst problem, eg og sonen min vil være døde i morgon tidlig.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

TATT: Troy Reed Critchfield kidnappa og voldtok eks-dama. Ho vart redda etter eit naudrop på Facebook. (Foto: Salt Lake County Sheriff's Office/Ap)
TATT: Troy Reed Critchfield kidnappa og voldtok eks-dama. Ho vart redda etter eit naudrop på Facebook. (Foto: Salt Lake County Sheriff's Office/Ap)
Det var den dramatiske meldinga som ei kvinne skreiv på Facebook for nokre dagar sidan.

Ho var då fange i eks-typens hus på fjerde dagen, saman med sin 17 månadar gamle son.

Frykta for livet

Kvar gong ho prøvde å rømma, byrja eks-typen å slå ho, og ho frykta for livet sitt.

Heldigvis vart statusoppdateringa hennar oppdaga av ein av Facebook-vennene hennar.

– Det er jol, så dette måtte berre vera rett, seier Erica Carver til fjernsynskanalen WHDH-TV.

Sjølv om ho aldri har møtt kvinna i røynda, seier ho at ho berre var nøydd til å reagera på den dramatiske meldinga.

Sikta for valdtekt og barnemishandling

Politiet rykka umiddelbart ut og arresterte Troy Reed Critchfield.

Han vart sikta for kidnapping, grovt overfall, konevald, barnemishandling, valdtekt, dyremishandling og fleire andre lovbrot.

Han slepp berre fri mot ein kausjon på 1,5 millionar kroner.