HÅPAR: Fleire hundre personar dukker opp for å prøva å vinna seg gratis helseforsikring.  (Foto: Dansk TV 2)
HÅPAR: Fleire hundre personar dukker opp for å prøva å vinna seg gratis helseforsikring. (Foto: Dansk TV 2)

Kontroversielt lotteri i USA: Deler ut helseforsikring i lotteri

Sjuke og fattige mennesker konkurrerar om eit betre liv i eit kontroversielt lotteri i USA.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Helsereforma til Barack Obama, som skulle gje alle amerikanarar eiga helseforsikring, var særs kontroversiell for republikanske amerikanarar.

Neste år må den amerikanske Høgsteretten ta stilling til om den bryt med den amerikanske grunnlova eller ikkje.

I mellomtida har fleire millionar amerikanarar store problem med å betala for seg og sjukdomen sin. Heile 47 millionar amerikanarar står utan ei helseforsikring.

Lotteri for fattige og sjuke

Men kreative amerikanarar har kome med ei løysing.

LES OGSÅ: USAs helsereform endelig vedtatt

Ved ein helsestasjon i Arlington har dei innført eit eige lotteri der folk kan vinna gratis helseforsikring og dermed få behandling for lidingane sine.

Fattige og sjuke amerikanarar, mange av dei utan jobb og utan lovleg opphald i USA, møter opp i hopetal. Deira sjanse for å verta frisk ligg i å vinna i lotteriet.

– Eg er ein hjartepasient og eg har høgt blodtrykk. Utan insulin døyr eg, seier Muhammed Kahn til dansk TV 2. Han er ein av fleire hundre som har møtt opp med håp om å vinna.

LES OGSÅ: – Obama er marxist

Kahn seier at han snart er tom for medisin og berre har to dagar med medisin igjen.

Tapte tre gonger på rad

Under dette lotteriet var det 25 personar som vann seg gratis helseforsikring. Maryvik Castillo var ikkje ei av dei.

– Betre lukke neste gong, seier ho. Dette er tredje gong på rad ho ikkje vinn.

Jod Kelley, leiar for lotteriet, veit ikkje om ho skal le eller gråte av gevinsten.

LES OGSÅ: Amerikanske demokrater drapstruet etter helsereformen

– Du vil jo ikkje jubla når du samstundes veit at det er folk som ikkje vann. Men det er hjarteknusande dette, seier ho.

– Men kvifor gjer de ikkje helseforsikringa til dei som treng det mest?

– På sett og vis gjer me det og, då dei som ligg på sjukehus og treng det mest får behandling frå oss, seier Kelley.

KRYSSAR FINGRANE SINE: Fattige, arbeidslause og ofte utan lovleg ipphald i USA. Folk håpar på gratis helseforsikring.  (Foto: Dansk TV 2)
KRYSSAR FINGRANE SINE: Fattige, arbeidslause og ofte utan lovleg ipphald i USA. Folk håpar på gratis helseforsikring. (Foto: Dansk TV 2)