PROBLEM: Uvêret «Dagmar» har skapt store utfordringar for politet i Sogn og Fjordane som har vore utan samband i lengre tid.  (Foto: TV 2)
PROBLEM: Uvêret «Dagmar» har skapt store utfordringar for politet i Sogn og Fjordane som har vore utan samband i lengre tid. (Foto: TV 2)

Politisambandet på plass igjen i Sogn og Fjordane

Politiet i Sogn og Fjordane innrømmer at systema deira ikkje taklar uvêret. – Ingen system taklar dette, seier operasjonsleiaren.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Årdal i Sogn og Fjordane Dagmar (Foto: Frank Optun Smedegaard/Scanpix)
Årdal i Sogn og Fjordane Dagmar (Foto: Frank Optun Smedegaard/Scanpix)

Politiet i Sogn og Fjordane hadde store kommunikasjonsproblem tysdag. Både telefon og sambandsutstyr var nede. Onsdag morgon ser situasjonen betre ut.

– No er situasjonen tålig grei. Me slit visse plassar med fastnettet, men stort sett fungerar anten fastnett eller mobilnettet rundt omkring i fylket, seier operasjonsleiar Per Rimmen til tv2.no.

Han seier dei brukar føremiddagstimane til å sjekka linjene sine til dei ulike lensmannskontora i fylket, og det manglande telefon og sambandsnettet har vore utfordrande for politiet.

– Har det vore ein dramatisk situasjon?

– Dramatisk og dramatisk. Det skapar i alle tilfelle ein del ekstra arbeid for oss. Det vert noko meir tungvint å driva med redningsarbeid når vi ikkje kan kommunisera med sjølve staden, seier han.

– Ein dårleg situasjon

Tysdag ettermiddag gjekk det seks ras i bygda Flo. Operasjonssentralen hadde ikkje samband med styrkane på staden og visste lite om kva som skjedde. Heldigvis tok ikkje skreda folk.

– Kva om dette hadde skjedd på stader med meir folk eller bilar?

– Så lenge ikkje nokon kom til skade er det ikkje meir dramatisk for oss uansett kvar det skjer, seier Rimmen.

Saka held fram under biletet

Årdal i Sogn og Fjordane Dagmar (Foto: Frank Optun Smedegaard/Scanpix)
Årdal i Sogn og Fjordane Dagmar (Foto: Frank Optun Smedegaard/Scanpix)

– Men kva om folk hadde vorte tatt av skreda?

– Då hadde me hatt ei utfordring. Men me måtte ha gjort det på same måte som no: oppsøke punkt der me har kommunikasjon og melda inn behov og gje ordrar derifrå, seier han.

Han innrømmer at det er ein dårleg situasjon å hamna i.

– Ingen system er gode nok

– Jobben blir jo gjort av dei som er ute i feltet, men det er vanskeleg å halda seg oppdatert for oss på operasjonssentralen og for dei ute er det vanskeleg om dei treng bistand, seier han.

– Er systema dykkar gode nok?

– Det er ikkje noko system som er bygd for dette, seier han.

Saka held fram under biletet

SATELITTELEFON: Helse Førde har tatt i bruk satelittelefonar for å halda kommunikasjonen oppe. (Foto: TV 2)
SATELITTELEFON: Helse Førde har tatt i bruk satelittelefonar for å halda kommunikasjonen oppe. (Foto: TV 2)

Han seier dei aldri har opplevd så massiv sambandssvikt som etter uvêra «Cato» og «Dagmar»

– At me mister telefon og samband til enkelte plassar skjer av og til, men ikkje så massivt som no, seier han.

Framleis manglar fleire områder i Sogn og Fjordane telenett på grunn av uvêret.

– Vi har ikkje oversikt om nokon har forsøkt å få kontakt med oss utan å lukkast med det, seier Bjørn Morten Øen, beredskapssjef i Helse Førde til TV 2.

Kystvakten bistår

Tysdag kunne TV 2 fortelja om ein familie som ikkje fekk tak i ambulansen, og difor måtte køyra og henta ambulansen sjølv. Då dei kom fram var pasienten død.

LES OGSÅ: Garasjen kan ha berga livet til Einar (89)

For å hindra liknande situasjonar set dei no inn kystvaktskipet KV «Ålesund», som skal bistå politi og helsetenesta.

Saka held fram under biletet

BISTÅR: Kystvakta bistår no for å transportera redningsmannskap og sjuke lang Sognefjorden.  (Foto: TV 2)
BISTÅR: Kystvakta bistår no for å transportera redningsmannskap og sjuke lang Sognefjorden. (Foto: TV 2)

– Den skal støtte i samband med samfunnstryggleiken som forflytting av pasientar som skal til sjukehus og personell som skal bistå i redningsarbeid, seier informasjonsoffiser Ivar Moen.

Brukar satelitttelefonar

Samstundes har helsetenesta sett inn ei rekkje tiltak for å sørgja for at folk kan få fatt i helsetenesta om ein naudsituasjon oppstår.

LES OGSÅ: Ein månad gammal baby evakuert over skred

– Vi har mobilisert ei rekkje satelitttelefonar som me har plassert på sentrale punkt utover i kommunane. Utover det har me styrka ambulansetenesta i kommunane Vågsøy, Nordfjordeid og Stryn, seier Øen.