RAS: Dette er eit av tre ras som held Bergensbana stengt. Dette biletet er tatt nokre kilometer aust for Evanger.  (Foto: Klaus Holthe/TV 2)
RAS: Dette er eit av tre ras som held Bergensbana stengt. Dette biletet er tatt nokre kilometer aust for Evanger. (Foto: Klaus Holthe/TV 2)

Bergensbana er framleis stengt

– Om det tar ein dag eller to, det veit me ikkje, seier Jernbaneverket til tv2.no. Passasjerane vert frakta med buss.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er gått tre ras mellom Voss og Arna som gjer at den strekka er stengt, seier pressevakt Arvid Bårdstu i Jernbaneverket til tv2.no.

Strekka har vore stengt sidan natt til måndag, og opnar ikkje før tidlegast ved midnatt, tysdag.

Buss for tog

– Om det tek ein eller to dagar å opna strekka, det veit me ikkje, seier Bårdstu.

LES OGSÅ: Flere togstrekninger stengt på grunn av uværet

«Dagmar» har sørgja for mykje arbeid for Jernbaneverket, som seier at dei kjem med meir informasjon i firetida, tysdag.

– Det går buss på strekka, opplyser pressevakt Erik Lødding i NSB.

Han seier at passasjerane må rekna med to timars forseinking på strekka.

Mellom Voss og Oslo skal togtrafikken gå som normalt.

60 trær blåst ned på skinnene

Gjøvikbanen er og stengt etter «Dagmars» herjingar.

– Nordre del av den strekka er stengt, men me reknar med å opna den klokka 19.00 tysdag, seier han.

LES OGSÅ: Ein månad gammal baby evakuert over skred

Årsaka til stenginga er at meir enn 60 trær har blåst inn på spor og kontaktledningar.

Nordlandsbana har og vore stengt, men der reknar Jernbaneverket med å opna strekka klokka 14.00, tysdag.

Evanger, voss, ras, bergensbanen (Foto: Hommedal, Marit/Scanpix)
Evanger, voss, ras, bergensbanen (Foto: Hommedal, Marit/Scanpix)