KNIVSTIKKING: To menn er knivstukke i Bergen på vesle jolafta. (Foto: lars Kristian Økland/TV 2)
KNIVSTIKKING: To menn er knivstukke i Bergen på vesle jolafta. (Foto: lars Kristian Økland/TV 2)

To personar knivstukke i Bergen

Ein person er sendt til sjukehus med knivskader i ansikt og mageregion. Store styrkar væpna politi leitar no etter knivmann nummer to.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Klokka 20.46 fekk politiet i Bergen melding om at to personar var skada med kniv på Nygårdshøyden i Bergen.

– Ein person er sendt til sjukehus med knivskader i ansiktet og mageregionen, seier operasjonsleiar Svein Lyssand ved Hordaland politidistrikt til tv2.no.

– Ein annan mannsperson kan ha blitt stukken i ryggen, men han har forsvunne frå åstaden, seier Lyssand.

Væpna politi

Store styrkar med væpna politifolk leitar no etter mannen i området Nygårdshøyden, Møhlenpris, Nygård.

– Vert mannen rekna som farleg?

– Så lenge det er ein kniv inne i biletet må me sikra oss, seier Lyssand.

Politiet veit ikkje kor alvorleg skadd mannen som er sendt til sjukehus er, og tv2.no får ikkje svar ved Haukeland Universitetssjukehus.

Klokka 23.15 har politiet i Bergen framleis ikkje funne vedkomande.

Kalla inn ekstra styrkar

– Trappar de ned leitinga no?

– Nei, me har framleis mykje folk i sving, seier operasjonsleiar Preben Vallestad til tv2.no.

Han seier at dei mellom anna har kalla inn ein ekstra hundepatrulje.

Mannen dei leitar etter er truleg ein nordafrikanar på rundt 30 år. Han skal vera rundt 170 cm høg, ha mørkt kort hår og var iført ei mørk litt glinsande jakka og lys blå dongeribukse.

LEITAR ETTER SPOR: Politiet er på staden og leitar etter spor etter knivstikkinga. (Foto: Lars kristian Økland)
LEITAR ETTER SPOR: Politiet er på staden og leitar etter spor etter knivstikkinga. (Foto: Lars kristian Økland)