Pleiar sikta for seksuelle overgrep mot eldre kvinner

Ein mann i 30-åra er sikta for seksuelle overgrep mot tre eldre kvinner.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I følge Aftenposten.no skal overgrepa ha føregått i ein lang periode. Dei tre eldre kvinnene er svært pleietrengande.

Institusjonsleiar varsla

– Politiet vart varsla om dei påståtte overgrepa av institusjonsleiar ved sjukeheimen, seier politiinspektør Hanne Kristin Rohde, leiar for vald- og sedelegheitsseksjonen i Oslo politidistrikt til Aftenposten.no.

Ifølgje Rohde ser politiet ikkje vekk frå at det kan dreia seg om overgrep mot fleire eldre.

Utelukkar ikkje at det kan vera fleire

Mannen, som no er permitert, har jobba ved sjukeheimen i ein lengre periode. Overfor Aftenposten stadfester områdedirektør i sjukeheimsetaten i Oslo kommune, Sølvi Karlstad, at ein mannleg pleiar er sikta for overgrep mot tre eldre kvinner.

– Vi har varslet de pårørende til disse tre kvinnene. Vi vurderer nå fortløpende om vi skal gå ut og varsle pårørende til samtlige beboere og pasienter ved det aktuelle sykehjemmet, sier Karlstad

Den sikta har tidlegare vore tilsett ved to andre institusjonar i Oslo.

Mannen har vore i lange politiavhøyr. Politiet har ikkje bedt om varetektsfengsling medan etterforskinga pågår.