AMBISIØS POLITIKAR: 25 år gamle Torstein Lerhol blei fødd med ein muskelsjukdom. Møt ham i Dokument 2 på TV 2 onsdag klokka 21.45.  (Foto: Filmmakeriet)
AMBISIØS POLITIKAR: 25 år gamle Torstein Lerhol blei fødd med ein muskelsjukdom. Møt ham i Dokument 2 på TV 2 onsdag klokka 21.45. (Foto: Filmmakeriet)

– Livet er herleg, synest Torstein på 17 kilo og 1,50 på strømpelesten

– Eg veit eg er funksjonshemma, men so what?

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

25 år gamle Torstein Lerhol blei fødd med ein muskelsjukdom, det gjer han litt annleis enn dei fleiste og sjukdommen vil gjera han dårlegare etterkvart.

– Det gjeld å leve livet no, sier Torstein Lerhol i filmen «Livet er herlig» på Dokument 2.

Vil bli stortingspresident

I den 45 minutt lange filmen om Torstein, møter du kameraten, jobbsøkaren, sonen, broren, politikaren, eventyraren. Kanskje ikkje så ulik folk fleist?

Som andre unge ambisiøse politikarar siktar Torstein Lerhol høgt.

– Målet mitt er å bli stortingspresident. Det er fordi eg har lyst å forandra samfunnet. Eg er medlem i Senterpartiet, det er der eg høyrer heime, fortel Torstein Lerhol i filmen, som Andre Folkestad og Filmmakeriet har laga for TV 2.

– Eg veit eg er funksjonshemma, men so what? seier Torstein i filmen.

Lerhol er leiaren av Senterungdommen i Oppland og vararepresentant i kommunestyret i heimkommunen Vang.

Les også: Funksjonshemmede forskjellsbehandles: Stine tvangsflyttet til institusjon, Mari fikk bo hjemme

– Funksjonshemma syt felt

Torstein ser skral ut, men mannen på 17 kilo og 1,50 på strømpelesten, er langt frå svak i vilja. I filmen om «Livet er herlig» blir Torstein blant anna skildra som tøff, hardtarbeidande, fasinerande, småfemi og konfliktsky.

Han rullar liggande rundt i stolen sin og har sitt eige hoff av hjelparar. Han liker ikkje å sutra, og syns han ikkje har det så kjipt.

– Eg syns funksjonshemma syt felt, seier politikaren i filmen.

– Det kan nok provosera litt.

Les også: 19 år og bor på institusjon: – Føler du er fengslet for noe du ikke har gjort

På tur til USA

Torstein flytta på hybel som 16-åring på Fagernes – foreldra har alltid vore opptatt av å gje han ein normal oppvekst, fortel han.

Foreldra fekk beskjed om at dei kunne vera fornøgd om dei fekk ha han eit par år. I dag er sonen han 25.

I filmen får du blant anna bli med Torstein på USA-tur, blant anna til Las Vegas.

– Det er alle menns draum å dra til syndenes by, seier Torstein.

Dokument 2 viser onsdag kveld dokumentaren Torstein. Sjå den på TV 2 kl. 21.45, eller på TV 2 Sumo.