SAMANBLANDA: Anna og Irina vart blanda saman då dei vart fødd. Måndag vart familiane tilkjent erstatning i ein russisk domstol. (Foto: APTN)
SAMANBLANDA: Anna og Irina vart blanda saman då dei vart fødd. Måndag vart familiane tilkjent erstatning i ein russisk domstol. (Foto: APTN)

Russisk domstol gjev erstatning etter baby-samanblanding

Fødeklinikken som gav Irina og Anna til feil foreldre er dømd.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

ERSTATNING: Familiane til Anna og Irina er tilkjent i overkant av ein halv million i erstatning etter at jentene vart blanda saman då dei vart fødd. (Foto: APTN)
ERSTATNING: Familiane til Anna og Irina er tilkjent i overkant av ein halv million i erstatning etter at jentene vart blanda saman då dei vart fødd. (Foto: APTN)

Då Irina og Anna vart fødd gjorde fødeklinikken ein fatal feil; dei nyfødde nurka vart sendt heim med feil foreldre. Måndag vart foreldrepara tilkjent erstatning.

Ein russisk domstol dømde klinikken til å betala tre millionar rublar, tilsvarande rundt 544.000 kroner, til kvar av foreldrepara, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Ville ikkje betala barnebidrag

Samanblandinga vart oppdaga etter at mannen som ein trudde var far til Irina nekta å betala barnebidrag til mor hennar Yuliya Belyayeva - fordi jenta ikkje likna på han.

Ein DNA-prøve viste at mannen hadde rett. Han var ikkje far til jenta - og heller ikkje mor var biologisk mor til Irina.

Jakta på den biologiske faren starta og mannen som hadde levd i trua om at han var far til Anna vart spora opp.

Vurderer å flytta nær kvarandre

Dei to mødrene som har oppdradd kvarandre sine døtrer sto side om side då dommen vart lest opp. Saken gjekk for ein i domstol i byen Kopeisk, som ligg i den sørlege delen av Uralfjella.

Sjokket har framleis ikkje lagt seg.

– Det er klart at det er ingen pengesum som kan hjelpa Anna å letta smerta ho føler, sa Yuliya Belyayeva til pressa etter at dommen hadde falt.

– Det er stunder då eg tenkjer at det hadde vore betre å ikkje vita noko.

Ifølgje russisk fjernsyn vil ikkje jentene flytta frå foreldra som har oppdratt dei, og familiane vurderer å bruka pengane dei er tilkjent på å kjøpa hus nær kvarandre. Summen dei to foreldrepara vart tilkjent er stor i russisk målestokk.