Christine Hemming fekk ein betinga fengselsdom på ni månadar etter innbrot og tjuveri frå mannen si mangeårige elskerinne. (Foto: Chris Radburn/Pa Photos)
Christine Hemming fekk ein betinga fengselsdom på ni månadar etter innbrot og tjuveri frå mannen si mangeårige elskerinne. (Foto: Chris Radburn/Pa Photos)

Forsmådd politikarkone dømd for kattenapping hos elskerinna til mannen

Hemnlystne Christine stal kattungen «Beauty» heime hos den mangeårige elskerinna til den profilerte ektemannen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Christine Hemming, som i 30 år har vore gift med parlamentsmedlemmet John Hemming, fekk fredag ein betinga dom på ni månadar etter å ha tatt ein kattunge frå heimen til mannen si elskarinne gjennom fleire år, ifølge BBC.

John Hemming og hans nye partner Emily Cox på veg ut av rettslokala i Birmingham. Hemming si kone gjennom 30 år vart dømd for innbrot og tjuveri hos Cox. (Foto: Chris Radburn/Pa Photos)
John Hemming og hans nye partner Emily Cox på veg ut av rettslokala i Birmingham. Hemming si kone gjennom 30 år vart dømd for innbrot og tjuveri hos Cox. (Foto: Chris Radburn/Pa Photos)

Hemming vart i tillegg dømd til 150 timar samfunnsteneste og til å betala saksomkostningar på 1000 pund (8700 kroner). Christine Hemming blei avslørt av eit overvakingskamera idet ho tok med seg kattungen.

Kattungen «Beauty», som tilhøyrde John Hemming sin fireåring, har framleis ikkje kome til rette.

Christine Hemming gjekk til Cox tre dagar etter at dei hadde tatt ut separasjon. Ho har fortalt at ho skulle levera post til mannen. Hemming har fortalt at ho ikkje hugsar kva som skjedde og at ho ikkje tok katten med vilje.

– Eg visste ikkje at eg hadde han før eg kom heim og såg han bak i bilen, har Hemming fortalt, og at ho dagen etter tok kattungen med til «30 meter frå Cox sin heim» og tenkte at katten sjølv ville finna tilbake.

SAKNA: Kattungen Beauty.
SAKNA: Kattungen Beauty.

Paret møtte kvarandre første gang på ein partikonferanse i 1981, og gifte seg kort tid etterpå. Men sidan 2004 har det gått rett nedover med forholdet. Då blei dei første rykte om politikaren sine sidesprang kjende.

Kona såg likevel stort på det, og lot forholdet med Cox halde fram dersom han kom heim til familien på kvelden. Freistinga blei likevel for stor, for etter ei tid tilbrakte han meir og meir tid hos elskerinna, som òg sette hans fjerde barn til verda.

Detaljane frå dette trekantdramaet blei greia ut i stor detalj under den tre dagar lange rettssaka.

– Dette er ikkje bra. Men ikkje noko av dette var så veldig godt uansett. Dette er ingen god situasjon å vere i, sa John Hemming etter at dommen falt.

MEIR FRÅ KATTEVERDA: Katten Lisa satt bom fast i bilmotor