holmfrid
holmfrid

Holmfrid (100) fekk berre ni dagar på sjukeheim

Bergen kommune meinte ho var for frisk til å bu på sjukeheim, men etter at media tok tak i saka trakk kommunen vedtaktet sitt. Etter ni dagar på sjukeheim sovna Holmfrid Sivetsen stille inn.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg er ikkje særleg nøgd med behandlinga som ho fekk frå Bergen kommune, seier Atle Sivertsen.

Han er son til Holmfrid Sivertsen.

TV 2 skreiv om den 100 år gamle dama i slutten av september. Då søkte ho om sjukeheimsplass i Bergen, men fekk til svar at ho ikkje var sjuk nok. Kommunen meinte det var greitt å senda ho heim frå kortidssjukeplassen sin kvar tredje veka.

Full retrett

Oslo kommune, der eine sonen bur, på si side var aldri i tvil om at ho hadde rett på sjukeheimsplass. Men Holmfrid, som hadde budd heile livet sitt i Bergen, ville halda fram å bu i Vestlandets hovudstad.

LES OGSÅ: Holmfrid (100) må flytte fra Bergen til Oslo for å få sykehjemsplass

Bergen kommune slo full retrett etter at media tok fatt i saka, og sa at det var feil det brevet Holmfrid fyrst fekk.

Helsebyråd i Bergen, Hilde Onarheim la seg heilt flat i denne saka.

Men likevel kunne ho ikkje gjera anna enn å seia at ho fekk fulltidsplass, men at dei ikkje hadde nokon fulltidsplass å gje ho.

LES OGSÅ: Innvilger søknaden uten å gi sykehjemsplass

– Me gjer det me kan for å skaffa sjukeheimsplass til ho. Me har ingen plass til ho no, men kanskje i neste veka, sa Onarheim til TV 2 den 30. september.

Fyrst i førre veka fekk Holmfrid plass på Hordnestunet sjukeheim.

Saka held fram under biletet

gammeldam (Foto: TV 2)
gammeldam (Foto: TV 2)

Men onsdg denne veka, etter ni dagar døde ho.

– Alt skulle vore gjort annleis i denne prosessen, seier sonen Atle Sivertsen.

Kjem med stikk til politikarane i dødsanonnsa

– Me skjønte sjølvsagt at ho ikkje skulle leva for evig, men me ville at ho skulle ha det godt, seier han.

No vil han at Bergen kommune skal bygga fleire sjukeheimar. I dødsanonnsa kjem han med eit siste stikk til politikarane.

LES OGSÅ: Holmfrid (100) får bli i Bergen – men ikke fast sykehjemsplass ennå

«Holmfrid Sivertsen sovnet stille inn etter en lang kamp for å få sykehjemsplass i sitt 101 leveår»

– Andre bør få det betre enn kva det mor fekk, seier han.

Helsebyråd i Bergen, Hilde Onarheim seier at det ikkje var heldig med den uroa brevet til familien skapte.

– Dei dagane det var uro om ho skulle sendast heim, skulle me vore forutan, seier ho til TV2.no.

Mennesklig feil

Ho understrekar at det som stod i brevet aldri hadde vorte gjennomført.

– Men hadde det skjedd om ikkje media tok tak i saka?

– Ja, fordi det var eit feilskriv me sendte ut, hevdar ho.

LES OGSÅ: Ulovlig å nekte gamle sykehjemsplass

Ho seier at det var beklagligt at familien fekk det brevet.

– Men det er menneskelig feil som kan skje, det må me ta til etterretning og skjerpa rutinane, seier ho.

SJÅ VIDEO: Her legg Bergen kommune seg heilt flate. (Sendt 30.september)

554950