Motorsyklist mista livet i Hordaland

Personbil og motorsykkel kolliderte.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er stadfesta at ein person har mista livet, seier operasjonsleiar i Hordaland i politidistrikt, Preben Wallestad, til BA.no.

Ulykka skjedde på Fløksand i Meland kommune i Hordaland like etter klokka 18.30, tysdag kveld.

Ambulanse og luftambulanse vart straks sendt til staden.

– Fylkesveg 564 Rosslandsveien er stengt på grunn av ulykka. Det er førebels ikkje meldt om trafikale problemer, seier Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen til bt.no.