CROWS: Her er amerikanske køyretøy i Irak med det norske våpensystemet montert på toppen. No vil dei berre ha 3000 av dei planlagte 7000 nye våpensystema. (Foto: US Navy/Wikimedia Commons)
CROWS: Her er amerikanske køyretøy i Irak med det norske våpensystemet montert på toppen. No vil dei berre ha 3000 av dei planlagte 7000 nye våpensystema. (Foto: US Navy/Wikimedia Commons)

USA kuttar kjøp av norske våpen med 10 milliardar kroner

Den amerikanske hæren skal spara pengar. Det betyr at dei kuttar stort i ordrar til norske Kongsberggruppen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det amerikanske forsvaret står ovanfor budsjettkutt i storleiken fleire hundre milliardar kroner, noko som og går ut over den norske våpenindustrien.

Kongsberggruppen er storlevrandør til Det amerikanske forsvaret, berre av CROWS-systemet, har dei levert heile 11.000 system. Amerikanarane hadde planar om 7.000 nye system, til ein verdi av heile 15,4 milliardar kroner.

Bruker 10 milliardar mindre på Kongsberg

Men no kuttar dei stort.

Den nye ordren er på heile 10 milliardar kroner mindre enn planlagt. No nøyer amerikanarane seg med 3000 våpensystem til ein verdi av 5,7 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Noreg har selt krigsmateriell for ein halv milliard til Saudi-Arabia

CROWS står for Common Remotely Operated Weapon Station og er eit våpenprogram som brukast av den amerikanske hæren. Hensikten med programmet er å få ein felles fjernstyrt våpenstasjon på ei rekkje forskjellige, pansra køyretøy som tidligare hadde fleire ulike løysningar frå forskjellige fabrikantar.

Det amerikanske forsvaret kjøper færre CROWS-system, då dei rett og slett kjøper færre køyretøy som systemet passar på. Årsaka til det er dei store budsjettkutta i USA.

LES OGSÅ: Ville eksportera våpen til Libya, Syria og Iran

– Me ser på dette som ei endring i innkjøpsstrategien. Det har ikkje med ei endring i behovet å gjera, men i lys av det endra budsjettsystemet, seier kommunikasjonsdirektør Ronny Lie i Kongsberggruppen til TV2.no.

– Får ingen konsekvensar

– Kva konsekvensar kan dette få for dei tilsette hjå dykk?

– Dette får ingen konsekvensar for dei tilsette, seier han.

– Vår vurdering er at me var veldig godt posisjonert og me er framleis godt posisjonert i forhold til CROWS III. Me registrerer nok ein gong at vårt system er valgt, og at dei går frå to til éin leverandør. I vårt hovud styrkar det vår situasjon, seier Lie.

LES OGSÅ: Norge solgte krigsutstyr til Gaddafi

Han peikar på at det er ein generell situasjon kor mange land kuttar i sine forsvarsbudsjett.

– Og det er ein realitet som me må forhalda oss til, seier han.

Han seier at Kongsberggruppen har 17 land på si kundeliste.