TRANSVESTITT: Svein Kåre Gunnarson er transvestitt. Det er årsaka til problema hans. Det meiner forsikringsselskapet Skuld. Ikkje at han var om bord i «Sleipner» då den gjekk ned og 16 personar mista livet. (Foto: Per Egil Larsen/Bladet Sunnhordland)
TRANSVESTITT: Svein Kåre Gunnarson er transvestitt. Det er årsaka til problema hans. Det meiner forsikringsselskapet Skuld. Ikkje at han var om bord i «Sleipner» då den gjekk ned og 16 personar mista livet. (Foto: Per Egil Larsen/Bladet Sunnhordland)

Vil nekta transvestitt Sleipner-erstatning

Svein Kåre Gunnarson overlevde det dramatiske Sleipner-forliset. No vil forsikringsselskapet Skuld nekta han erstatning. Årsak: Han er transvestitt.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svein Kåre Gunnarson er erklært 15 prosent ufør og slit med frysebyger og konsentrasjonen etter det dramatiske forliset som kravde 16 menneskeliv. No har han saksøkt forsikringsselskapet Skuld og krev eit millionbeløp, det skriv bladet Sunnhordland.

Skuld på si side avviser kravet og peikar på at han er asosial og at han er transvestitt.

Dei meiner det at han stod fram som transvestitt i mai 2000 er ei forstyrring av personlegdomen til Gunnarson.

Denne veka møttest partane i retten.

– 50 prosent sikkert at Sleipner er årsaka

– Han fungerer heilt fint. Og det er ikkje grunnlag for å hevda at legninga har noko med konsentrasjonsvanskane og frostproblema til Gunnarson å gjera, sa Gunnarson sin forsvarar, prosessfullmektig Karl Gunnar Sandvold i Bergen tingrett.

LES OGSÅ: – Høsten er den verste tiden

Sunnhordland møtte Gunnarson i førre veke, sa han til avisa at det å stå fram som transvestitt hadde vore ein måte for han å takla kvardagen på.

(Saka held fram under biletet)

Sleipner
  (Foto: Hansen, Alf Ove/SCANPIX)
Sleipner (Foto: Hansen, Alf Ove/SCANPIX)

Overlege og professor i nevrologi, Lars Thomassen, avviste i rettsalen at det å vera transvestitt var ein sjukdom.

– Men eg meiner det er ei sannsynlighetsovervekt, altså over 50 prosent sjanse, for at Sleipner-ulukka har vore med og gjeve Gunnarson dei plagene han har i dag, sa han, i følgje avisa.

Skuld sin prosessfullmektig, advokat Lars Inge Ørstavik, lurte i retten på om ein ikkje minst måtte mista nokre fingrar før ein vart erklært så mykje som 15 prosent ufør. Då peika Thomassen på at slikt er veldig vanskelig å definera, og at det er mange faktorar som spelar inn i ei slik vurdering.

– Det var ei letta å bli ferdig med rettssaka, seier Svein Kåre Gunnarson til TV2.no.

LES OGSÅ: – Klarer ikke glemme «Sleipner». Det slutter aldri

Han seier at det har tatt på å venta i så mange år.

Han er lite imponert over påstandane frå Skuld si side.

– Skuld har lite å fara med

– Det vitnar om at dei har lite å fara med. Dei prøvde å avvisa Sleipner som årsak til problema mine i det heile og peika på alle andre ting, seier han.

Sjølv avviser Gunnarson at det har skapt problem for han å stå fram som transvestitt.

– Absolutt ikkje. Det at eg stod fram har hindra meg å gå heilt dukken. Eg følte det som at eg slapp fri når stod fram, seier han til TV2.no.

LES OGSÅ: Mange sliter med seinskader etter Sleipner-forliset

Den skjebnesvangre kvelden i november 1999 var han på veg heim til Stord, der han er fødd og oppvaksen, for å feira bursdagen til faren.

Tolv år seinare slit han framleis med konsentrasjonsproblem og frysing.

– Frysinga kjem uavhengig av temperaturar. Det kan hjelpa å ta på ein genser, medan eg andre gonger kan sova heile dagen og framleis vera kald, seier Gunnarson.

– Frysinga gjer at det heller ikkje er lett å konsentrera seg, seier han.

Eric Jacobsen kommunikasjonsmedarbeidar i Skuld vil ikkje uttala seg om saka. Han seier til TV2.no at dei har ein policy om at dei ikkje uttaler seg om saker som ikkje er ferdige.

Peikar på heile livssituasjonen til Gunnarson

– Vår haldning til denne saka er at me meiner det han ber om erstatning for ikkje har ein direkte samanheng med Sleipner-forliset, men andre ting, seier Jacobsen til TV2.no

– Me har ingen tankar om legninga hans, men det er heile situasjonen hans, legg han til.

Saka held fram under biletet

LIVSSITUASJONEN: - Vår haldning til denne saka er me meiner
  at det han ber om erstatning for ikkje er ein direkte årsak til Sleipner,
  men andre ting, seier Jacobsen til TV2.no (Foto: Pressebilde Skuld)
LIVSSITUASJONEN: - Vår haldning til denne saka er me meiner at det han ber om erstatning for ikkje er ein direkte årsak til Sleipner, men andre ting, seier Jacobsen til TV2.no (Foto: Pressebilde Skuld)

– Men har det med at Gunnarson er transvestitt vore eit tema i rettssaka?

– Det ynskjer eg ikkje å gå inn på no. Men eg veit kva du er ute etter, sluttar Jacobsen.

– Slag under beltestaden

Bård Nylund er leiar for landsforeining for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Han kallar det useriøst å bruka det at nokon er transvestittar som eit argument.

– Det er eit slag under beltestaden, seier han.

Han lett til at dei fleste transpersonane han kjenner er i arbeid.

– Men det er velkjent at transpersonar opplever grov diskriminering, peikar han på.