UØNSKA: Krokodillen Gustav vart satt igjen i ein pakke utanfor dyreparken i Warszawa. No jaktar politiet på vedkommande som satt frå seg krokodiellen, mens dyreparken er på jakt etter ein dyrepark som kan husa krokodillen. (Foto: PL TVN)

Dumpa krokodillen «Gustav» utanfor dyrepark

I pakken med krokodillen følgde eit kort brev til dyreparken i Warszawa.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mariusz Lech reptilpassar i dyreparken i Warszawa har fått eit mellombels ansvar for krokodillen Gustav.  (Foto: PL TVN)
Mariusz Lech reptilpassar i dyreparken i Warszawa har fått eit mellombels ansvar for krokodillen Gustav. (Foto: PL TVN)
I brevet sto det at den ein meter lange krokodillen heiter Gustav, og at han håper å få ein ny heim i dyreparken.

Men dyreparken i Warszawa kan ikkje husa krokodillen på fast basis. Krokodillen blir no halde i karantene og under oppsyn saman med andre uønska dyr som dyreparken har tatt eit midlertidig ansvar for, ifølge den polske fjernsynskanalen .

Les også: Tatt med «dyrehage» i bagasjen

Gustav er ein Nilkrokodille, ein av tre krokodilleartar som naturleg lever i Afrika, og den nest største krokodillen i verda.

Politiet jaktar avsendar

Spørsmålet ein no søkjer svaret på er kvar krokodillen kjem frå. Ein teori er at det no manglar ein krokodille i ein annan dyrepark. Politiet er varsla og jaktar vedkommande som leverte pakken med krokodillen. Forhåpentlegvis kan overvakingskamera i parken bidra med å gje svar på kven som sette frå seg Gustav ved dyreparken.

Les også: Fant sønnen (3) lekende med alligator i stuen

Det var sist helg dyreparken i Warszawa i Polen fekk den spesielle leveringa. Pakken blei levert av ein mann, og plassert saman med andre leveringer.

– I 15-tida kom ein mann til inngangen med ein pakke til Warszawa Zoo, og han leverte pakken til sikkerheitsvakta, fortel Mariusz Lech, reptilpassaren i Warszawa Zoo til pressa.

Krokodillen vart oppdaga dagen etter at pakken blei levert. Ein av sikkerheitsvaktene ante ugler i mosen då han høyrde skrapelydar frå innsida av pakken.

Les også: Vraket mannen til fordel for krokodillene

Kan bli åtte meter

Warszawa Zoo har sagt seg villige til å passa på krokodillen til politiet er ferdig med etterforskinga, men ein permanent heim i dyreparken vil krokodillen Gustav ikkje få. Det er derimot ein sjanse for at krokodillen blir å sjå bak gitter i ein annan dyrepark.

– Vi vil prøva å finna ein ny plass til han i ein dyrepark i Europa, eller utanfor Europa, men eg må innrømma at det er ganske vanskeleg å finna ein plass til ein krokodille, seier Lech.

Les også: Prøvde å smugle 95 kvelerslanger i bagasjen

GÅTE: Her ved inngangen til dyreparken i Warszawa kom ein mann og leverte frå seg ein pakke med ein krokodille i. Ingen veit framleis kvar krokodillen kom frå og kven mannen var. (Foto: PL TVN)
GÅTE: Her ved inngangen til dyreparken i Warszawa kom ein mann og leverte frå seg ein pakke med ein krokodille i. Ingen veit framleis kvar krokodillen kom frå og kven mannen var. (Foto: PL TVN)