BRUKAR SOMMARFERIEN TIL Å KRIGA: Universitetsstudenten reiste til Libya på einvegsbillett for å kjempa mot Gadaffi. Foreldra veit ingenting.  (Foto: Bradley Hope/The National )
BRUKAR SOMMARFERIEN TIL Å KRIGA: Universitetsstudenten reiste til Libya på einvegsbillett for å kjempa mot Gadaffi. Foreldra veit ingenting. (Foto: Bradley Hope/The National )

Eventyrlystne Chris (21) dro på Libya-ferie for å kjempa mot Gaddafi

Universitetsstudenten reiste til Libya på einvegsbillett for å kjempa mot Gadaffi. Foreldra veit ingenting.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er slutten av sommarferien min, og eg meinte det ville vore kult å slå meg saman med opprørarane, seier den 21 år gamle studenten Chris Jeon, til avisa The National.

Til vanleg er han student ved University of California, Los Angeles.

Der studerer han matte. Men denne ferien brukar han hjernen sin til å fyra av AK-47-en sin i staden for å løysa matteoppgåver.

Kjøpte einvegsbillett

Det er berre to veker sidan Cris Jeon tok avgjersla om å reisa til Libya.

Han kjøpte seg einvegsbillett til Libya, før han med tog og buss tok seg til opprøraranes hovudby Benghazi.

LES OGSÅ: Kjørte fra Norge til Tripoli for å kjempe sammen med broren

Der fekk han haik med opprørarane til An Nawfaliyah, der fekk han våpen i hand.

På onsdag avfyrte han sine fyrste skot med ein AK-47 i lufta.

Men i følgje Christian Science Monitor, som saman med avisa The National oppdaga Jeon i Libya, er han ikkje våpenrøynd og har truleg ikkje brukt våpen i strid.

Historisk

– Eg vil til Sirte og kjempa, sa han til opprørarane, etter å ha fyrt av sine fyrste skot i lufta.

Han har store problem med å kommunisera med dei nye våpendragarane sine, men klarar det på eit vis ved hjelp av kroppsspråk.

Jeon kom for seint til å få med seg erobringa av Tripoli. Men han har vore med på å skriva historie.

LES OGSÅ: Brukte ferien til å krige i Tripoli

Mellom anna var han med ein av dei fyrste bilane som køyrde inn i byen An Nawfiliyah. Då væpna med ei hagle og eit kamera, som no er tom for batteri.

– Eg har fantastiske bilete frå den dagen, seier han til The National.

Planane om å reisa til Libya har han hatt ei stund.

– Allereie under vinterferien sa eg til kompisane mine at ein skikkeleg sprø sommarferie ville vore å reist ned og kjempa i Libya, seier han til Christian science monitor.

Når dei møter han, har han på seg ei basket-trøye, kamuflasjebukser og Converse-sko.

Han har ingen returbillett.

Foreldra veit ingenting

– I tilfelle eg vart tatt til fange eller liknande, så ville eg ikkje kasta vekk fleire tusen kroner, seier han.

Men han har planar om å reisa tilbake til Los Angeles når skuleåret startar opp igjen. Han har eit kredittkort som han vil bruka for å betala for billetten.

Men det er ikkje alle som veit at han er i Libya.

Difor har han eit siste ynskje før dei to avisene forlet han.

– Ikkje fortel noko til foreldra mine, dei veit ikkje at eg er her, ber han om.

547471