Russ 2011 (Foto: Solum, Stian Lysberg/SCANPIX)
Russ 2011 (Foto: Solum, Stian Lysberg/SCANPIX)

Skuleårets fyrste russebot?

Det vart ein dyr start på russetida for ein gut frå Røyken.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Russetida er kjent for fest og fyll.

Men ungdommane startar lenge før dei får på seg russedressen med diverse russekroer og andre russearrangement.

LES OGSÅ: Russ satte trampoline i rundkjøring - barn hoppet av glede

Natt til laurdag fekk ein 18 år gammal gut frå Røyken ei bot på heile 9000 kroner, og kvalifiserer dermed truleg til russeknute for årets fyrste russerelaterte bot.

Den openbart rusa karen nekta nemlig å gjera som politiet kravde, nemlig å fjerna seg frå eit russearrangement i Åros i Røyken.

LES OGSÅ: 13-åring kastet på sjøen av russ

Difor tok politiet han med seg til arresten, der han fekk sova ut og tenkja over vala sine.

Laurdag føremiddag aksepterte han bota, og vart dermed slept fri.